Dette kjem fram i eit høyringssvar til ny rammeplan for kulturskulane. Rammeplanen «Mangfold og fordypning» skal avløyse gjeldande rammeplan «På vei til mangfold» frå 2003.

NMF og Norsk Kulturskoleråd har mange samanfallande interesser for å sikre gode kunstpedagogiske oppvekstvilkår for born og unge, men dette er det tatt for lite omsyn til i rammeplanen som Kulturskulerådet skal revidere.

Det er uforståeleg at korps ikkje er nemnt under «samspill»

– Det er uforståeleg at korps ikkje er nemnt under «samspill». Spesielt med tanke på at korpsrørsla mange stadar utgjer fundamentet for den lokale kulturskulen sitt virke, seier musikksjef i NMF Harald Eikaas.

Formuleringane i planen er for vage, meiner han. Ord og setningar som «gjør seg kjent med», «å vite om», «gir innsikt», gir kulturskulelærarane eit inntrykk av at læring som skjer på andre arenaer som f.eks i korps, ikkje er så viktige.

Formuleringane i planen er for vage

For NMF er det avgjerande at instrumentalopplæring, ensemblespel, formidling, korps, og arbeid på tvers av aldersklassar er eit udelt felt.

– Læring heng i hop og skjer på tvers. Undervisning i Kulturskulen er svært viktig, men denne undervisninga står ikkje på eigne bein for å utvikle framtidas korpsmusikantar, seier Eikaas.

NMF meiner Kulturskulerådet jobbar mot sin eigen overordna ambisjon – om at eleven skal møte «en helhetlig arena for sin kunstutfoldelse».

Drill manglar heilt i rammeplanen

I utkastet som ligg føre manglar drill heilt i rammeplanen.

NMF påpeikar at fleire drillinstruktørar i NMF også er utdanna som dansepedagogar og instruktørar. Det vil vere eit viktig steg å få etablert drill som ein kulturskule-aktivitet.

– I samarbeid kan vi vidareutvikle feltet, sikre rekruttering og knytte tettare band mellom dansepedagogar med drillbakgrunn og musikkorpsrørsla.

NMF ber difor om at rammeplanen tar høgde for drill som danseaktivitet og at dette kan vere ei samarbeidsform mellom kulturskulen og det lokale musikkorpset.

Om denne rammeplanen blir vedteken er frivillig kulturliv redusert til ein perifer aktør i norsk kunstpedagogisk verksemd, heiter det i høyringssvaret.

Frivillig kulturliv er redusert til ein perifer aktør i norsk kunstpedagogisk verksemd

– Vi forventar ein dialog med Kulturskolerådet om korleis eit vidare samarbeid skal føregå, seier Eikaas.