Noteservice har vore rundt med utstilling i mange av dei største byane i over 20 år. I år er det fire store byar som får besøk av dei og Yamaha. Men også på Dirigentuka i Stavanger er det viktig å vere.

Mange nye frå mindre plassar

– Dette er absolutt noko av det viktigaste vi gjer. Veldig mykje av notesalet skjer via nettbutikk og forhandlarar, men på Dirigentuka møter vi dirigentar ansikt til ansikt og får prate med dei. Det er veldig hyggeleg, og mange unge dirigentar er med for fyrste gong. Dessutan er det kjekt at så mange kjem frå distrikt som ikkje har notebutikk i nærleiken. Her har dei sjanse til å sjå eit rikt utval notar, vurdere, snakke med musikkutvalet sitt og kome tilbake, handle eller bestille stykka seinare.

Det er glitrande å bli kjent med nye folk

Dirigentar og instruktørar på notejakt. Foto: Lilli Anne J. Grong/NMF

Dirigentar og instruktørar på notejakt. Foto: Lilli Anne J. Grong/NMF

Også forhandlarane er viktige for Noteservice. På utstillingane i dei store byane Stavanger, Trondheim, Ålesund og Bergen møter musikkforlaget både forhandlarane og dirigentane. Dei har godt samarbeid med Blåsmo Musikk (Trondheim), Musikk Impuls (Ålesund) og Musikk-Miljø (Bergen) som medarrangørar. Datoane for utstillingane i år er 21. august (Stavanger), 2. august (Trondheim), 27. august (Ålesund) og 29. – 30. august (Bergen). Kvart år har dei med ny musikk.

Viktig start på sesongen

– Hausten er viktig start på sesongen for korps. Mange ønskjer nytt stoff til korpset sitt. Og vi har mykje nytt å vise fram. Den nye European Band Catalogue 2018-2019 er komen ut til alle dirigentane vi har registrert hos oss. Notane frå denne katalogen og frå siste års Noterservice-katalogar har vi med når vi reiser rundt, seier Wettergreen.

Samarbeider med Yamaha

Norsk Noteservice er eit av Norges største musikkforlag og gir ut eit bredt utval notar, og er den mest aktive utgjevaren av norsk populærmusikk på notar. Heilt sidan dei begynte å reise rundt har dei hatt eit godt samarbeid med Yamaha.

– Dirigenten er også interessert i instrumentparken. Dei veit kva skulekorpset treng av blås- og slagverksinstrument og Yamaha er ein av dei mest komplette produsentane av blant anna blås- og slagverksinstrument, avsluttar Wettergreen.

Arrangement på Facebook