Om inkludering i NMF
Norges Musikkorps Forbund er ein inkluderande organisasjon. I korpset skal det vere plass for alle, og alle skal kjenne seg velkommen. Korpset skal vere ei frisone mot mobbing.
I NMFs handlingsplan er INKLUDERING ein av tre verdiar og i formålet vårt snakkar vi om å gjere korps til ein attraktiv fritidsinteresse for ALLE born, unge og vaksne.
Inkludering i korpsarbeid er ikkje begrensa til å gjelde kun for nye befolkningsgrupper. Inkludering er så mykje meir. Korps skal inkludere alle uavhengig av legning, farge, økonomi, religion, kultur og utsjånad.
Arbeidet som blir gjort i inkluderingssamanheng genererer stort engasjement, og det blir jobba effektivt for å kunne gjennomføre ulike tiltak
NMF er frå 2017 med i Nasjonal dugnad mot fattigdom og utenforskap blant born og unge (NDFU/kalles ALLEMED). Regjeringa støttar arbeid der frivillige organisasjonar legg til rette for at born og unge får delta, uavhengig av familieøkonomi. NMF har motteke støtte frå ulike hald til å støtte opp om dette arbeidet. Blant andre: Kulturdepartementet, Barne- ungdom- og familiedirektoratet (BUFdir), Musikkrådet, Landsrådet for Norges Barne- og Ungdomsorganisasjoner (LNU) og Kavlifondet.
I dei siste stortingsmeldingane om folkehelse er sosial eksklusjon framheva som eit av fleire trugsmål mot den norske folkehelsa, og inkludering blir framheva som den mest effektive medisinen.
Norges Musikkorps Forbund jobbar derfor aktivt for å styrke medlemmane si sosiale helse gjennom å tilby aktivitetar som bidreg til auka mestring, trivsel, tilhøyrigheit og tryggheit.