– Kva er dine sommarplanar i år?   

– Forutan å bruke masse tid på hytta mi på Filefjell, vil mykje av tida gå med til planlegging og gjennomføring av «BALESTRAND SOMMERFESTIVAL FOR KORPS».

– Kva er din beste konsertopplevelse?

– Det trur eg må vere ein av to konsertar i kyrkja her i forbindelse med «FJORDFESTIVALEN – enten den første med Eikanger Bjørsvik eller andre året med Manger Musikklag.  Høgdepunkta – dei som fekk tårene til å trille var trombonesoloen til Grete Tonheim «A Nightingale Sang in Berkeley Square», eller Pie Jesu, duetten til Manger.

– Kva er ditt gøyaste drilltriks?

– Når eg hermar etter Garden ein sein laurdagskveld..

– Kva er ditt favorittinstrument?

– Som lysmessingutøvar må eg vel sei B-kornetten, men alle instrument let fint når den rette personen trakterer dei.

– Kva er ditt vakraste musikkstykke?

– Det må bli «Rusalka’s song to the moon» – med Philip McCann.

– Kva planar har du til hausten?

– Korpspensjonist som let vegen bli til etter kvart – fram til rullatoren skal startast.  Tida vil vise..

– Kva gler du deg til i haust?

– Tja, sei det.

– Kva likar du best, å gå med sko eller gå berrføtt?

Frutta sko. (Red. reknar med det på sognamål er utan sko)

– Kva er din favoritt mat om sommaren? 

– God mat er god mat.