NM janitsjar program 2016

Det heile startar fredag 11. mars kl. 1400 med 1. divisjon i Olavshallen, Store sal og 4. divisjon i Lille sal. Laurdag startar Elitedivisjon konkurransen kl. 1000 i Olavshallen, Store sal.

Streaming

TV 2 Sumo sender frå Trondheim. På årets NM janitsjar blir dei fem øvste divisjonane streama, med ekspert i Elitedivsjon og gjestar mellom framføringane i 1. divisjon. Programleiar begge dagane er Stein Skorpholm.

Festkonsert

Laurdag kveld er det festkonsert med premieseremoni. Tradisjonen tru er det Luftforsvarets Musikkorps som held festkonserten, følgd av Åsleik Engmark. Det blir også NM fest i Olavskvartalet og Royal Garden hotell. Festkonserten og permieseremonien blir overført til Royal Garden hotell og Lille sal. Trondheim Storband, Skaun Storband og DUoDU spelar svingande musikk på festen.

No er det berre å gle seg og ønskje alle korps som har øvd intens til NM-helga lykke, lykke til!