For fem år sidan tok John Mikal Guldager over korpset som dirigent og blir i dag karakterisert som navet i Stathelle Skolemusikkorps (SSMK). Frå å vere 30 medlemmer for berre fem-seks år sidan, er dei i jubileumsåret 2015 nær 100 medlemmer.

Korleis har de fått til så stor vekst på relativt kort tid?

– Då eg tok over var vi ikkje så mange. Eg tenkte at korpsmusikk er ein positiv aktivitet, og eg ville gjere musikantane stolte av hobbyen sin. Ein viktig faktor er å finne innhald og uttrykk på konsertane. Med utgangspunkt i kva ungdomen synst er kult og morosamt, og flette inn det musikalske, blir musikantane stolte og ikkje flaue over prestasjonen sin etterpå. Det er den overordna tanken, seier Guldager.

Stahelle skolemusikkorps frå ein tidlegare konsert Foto. Anette Skaugen Guldager

Stahelle skolemusikkorps frå ein tidlegare årleg konsert. Foto. Anette Skaugen Guldager

Gode erfaringar

Guldager er kulturskulerektor i Bamble kommune. Han er pedagog, har erfaring får musikalsk aktivitet gjennom profesjonelle ensemble og som student ved musikkhøgskulen i Oslo hadde han musikkformidling som fordjupning. Han ser det som svært viktig at korpset har eit tett samarbeid og god kommunikasjon med skulen, og foreldra er ei viktig brikke.

– Alle drar i same retning. Heilt frå fyrste stund har foreldra vore ivrige og positive. Eg kan kome med idear og dei fiksar og ordnar, seier han.

Det er viktig at ein har engasjement for musikken og korpset.

Born framfører dans frå scena

Born framfører dans frå scena. Foto. Anette Skaugen Guldager

Musikk viktigast

– Musikk er det viktigaste i verda, saman med nærleik, mat og rørsle.

Denne bodskapen sel Guldager inn til føresette til aktuelle aspirantar og til Stathelle skole. Stathelle skolemusikk blir renkna for å vere skulen sitt korps, både av skulen og av korpset. Korpset stiller opp og spelar, både for 1. klassingane og på andre viktige hendingar på skulen. Og for at korpset skal fungere som ein del av skulen, trengst det god dialog med rektor.

Musikk er til for sjela og musikk kan vere viktig for anna læring.

Musikantane i korpset gler seg over at korpset har hatt så god utvikling. Ikkje fordi dei er så mange, men fordi dei får oppdrag som dei synst er moro å vere med på.

Jubilerer med stjerner

I år er korpset 50 år. Søndag skal dei jubilere med ein konsert i Skjærgårdshallen i Langesund. Her deltek 200 born frå scena, både korps, gjestar, elevar frå skulen og ikkje minst får publikum sjå ei filmpremiere av Youtube-stjernene Prepz og Dennis. Dei har 100.000 følgjarar på Youtube. Dei to kjendisane har vore på øving, lært seg å spele instrument og dirigert korpset.

– Prepz og Dennis er eit ideal for mange unge og ved å trekke inn populære artistar til årets store konsert treffer vi også mange andre unge som ikkje er opptatt av korps til vanleg.  Og med 100 elevar frå 2. og 3. klasse i koret er det ei flott helsing frå skulen til jubilanten. Vanlegvis går det andre vegen, så dette er hyggeleg, seier Guldager.

Stahelle skolemusikkorps då dei var færre, i raude uniformer

Stahelle skolemusikkorps for fem-seks år sidan. Foto: SSMK

Eksempel for andre

Korleis kan Stathelle vere eit eksempel for andre korps?

– Det er viktig å sette seg inn i kva som fenger barn og unge i dag, og prøve å kombinere det med musikalsk utvikling. Utfordringa kan vere å få balanse mellom det utanom-musikalske utan å forringe det musikalske innhaldet. Det er ein øvelse, og slett ikkje lett. Kva som er «in» svingar frå plass til plass.

Musikk er ein hobby for livet!

Årleg mål

Men Stathelle skolemusikkorps har eit mål kvart år; Ein større konsert der rammene skal vere profesjonelle, med lys og lyd og gjestar. Vi er ikkje åleine om å gjere det, mange korps gjer det, og det er viktig å halde på det målet, avsluttar Guldager.

NRK Telemark gjorde ekstra stas på musikkorpset i morgonsendinga onsdag. Ni musikantar og dirigenten var med for å sette ein spiss på sendinga.

– Kjempestas å høyre, sa ei mor og ein far om korpsmusikk utanfor barnehagen om morgonen.

Stathelle Skolemusikkorps si nettside.

PD.no: Har tredoblet medlemstallet