Skjerve tar i år Digitale skolekorpsstudier på Universitetet i Stavanger (UiS). Tidlegare har han 30 studiepoeng frå Digitale dirigentstudier ved same universitet. Han dirigerer to skulekorps, Grong skolekorps og Egge skolekorps og amatørkorpset Grong Musikkforening. Han underviser på messinginstrument på Høylandet Kulturskole og Steinkjer Kulturskole. I tillegg studerer han altså dirigering.

Søk allereie no

Om du er korpsdirigent er dette ei utdanning som Skjerve anbefaler på det sterkaste. Det einaste du må gjere er å søke. Fristen er 1. mars. (Lenker nedst i artikkelen)

– Absolutt, det er eit kurs for dei fleste som driv med dirigering i skulekorps, men også vaksenkorpsdirigentar vil ha utbytte av dette. Det er to studier som til saman gir eit godt grunnlag for å kunne utføre jobben som dirigent og bli betre til det.

Per Jonny Skjerve tar Digitale skolekorpsstudier på UiS. Foto: Birgitte Grong/NMF.

Per Jonny Skjerve tar Digitale skolekorpsstudier på UiS. Foto: Birgitte Grong/NMF.

– Kva lærer de på kursa?

– Vi lærer det som er grunnleggende for ein dirigent å vite. Det er to kurs med forskjellig fokus, Digitale dirigentstudier fokuserer meir på det tekniske, men tar og opp temaer om dirigentrolla, som kva ein dirigent er, oppgåver til dirigenten, korleis jobbe frå podiet og korleis motivere. Vi får også kjennskap til korpsbesetning, instrumentkunnskap og partiturstudie.

Digitale Skolekorpsstudier dekkjer meir skulekorpsa sine behov som heilskapeleg opplæringsløp, dirigenten som pedagog og om gruppepsykologi. Vidare inneheld kurset korpskunnskap, korpsoppsett, instrumentkunnskap, repertoararbeid, om-arrangering og rekruttering.

– Sjølv om det er eit fokus på skulekorps vil det og vere mykje som fungerer likt i eit vaksenkorps, seier Skjerve.

Ferdig med studia i Stavanger

Line Magnussen frå Lenvik har tatt begge dei to digitale studia i Stavanger. No studerer ho Blåsorkestermetodikk ved Musikhøgskolan Ingesund i Sverige, samtidig som ho  jobbar som dirigent i Gibostad musikkforenings juniorkorps, Gibostad musikkforening (vaksenkorps) og Finnsnes skolemusikkorps, og ho er blåselærar ved Lenvik kommune i Finnsnes. I tillegg har ho starta eit prosjektkorps med 5 – 6 samlingar i året med fokus å skape kvalitet for dei eldste i skulekorpset. Ho vil også sterkt anbefale desse studia.

– Heile studie er sett saman med kvalitet og ein lærarskare frå øvste hylle. I tillegg går kurset inn i Dirigentuka, der eg har hausta mykje kunnskap. Eg sit og igjen med eit stort nettverk frå både inn- og utland som gjer at eg har fleire å diskutere fag med. Kvaliteten på jobben min er blitt betre. Eg har blitt mykje tryggare i jobben min, fortel ho.

Eg sit og igjen med eit stort nettverk frå både inn- og utland som gjer at eg har fleire å diskutere fag med.

Sju norske studerer Blåsorkestermetodikk ved Musikøgskolan Ingesund. (Ein var fråverande då bildet vart tatt): Foto: Birgitte Grong/NMF.

Sju norske studerer Blåsorkestermetodikk ved Musikøgskolan Ingesund. (Ein var fråverande då bildet vart tatt): Foto: Birgitte Grong/NMF. (Magnussen står lengst til høgre i bildet som viser studentane ved studie i Sverige).

Klarinettist og skulekorpsdirigent

Petter Langfeldt Carlsen er til dagleg klarinettist i Operaorkesteret. Samtidig dirigerer han Voksen skoles musikkorps i Oslo. Han har ikkje mykje dirigentutdanning frå før og tar Digitale dirigentstudier for å vidareutvikle seg og få litt betre dirigent-teknikk.

– Eg set pris på at vi får mykje personleg oppfølging og at studiet er knytt opp til arbeid i eige korps.

Digitalt med få samlingar

På dei digitale studia er det tre samlingar, der den fyrste er å delta på Dirigentuka (Stavanger 5.-9. august). Utanom det har dirigenten einetimar med undervisning på video. Mange av oppgåvene er sterkt knytt til arbeidet i korpset som må gjerast likevel.

– Eg sender inn videoar frå prøver eller konsertar, og får så ein 60 minutters digital veiledningstime med dyktig dirigentlærar kvar månad, seier Langfeldt Carlsen. Det er ei stund sidan eg var student sist. For meg har det vore svært hyggeleg og inspirerande å bli kjent med dei andre i klassa. Vi er ti norske og nordiske dirigentar med ulik bakgrunn. Eg gler meg til siste samling i Stavanger i mai.

Eg gler meg til siste samling i Stavanger i mai.

Per Jonny Skjerve synest studiet er både inspirerande og givande. Dessutan møter også han andre dirigentar med same utfordringar.

– Som dirigent kjenner ein seg litt åleine i blant. Då er det godt å treffe andre med erfaring og løysingar. Flyten av læring går ikkje berre frå instruktør, men også mellom studentar når vi har samlingar.

Som dirigent kjenner ein seg litt åleine i blant. Då er det godt å treffe andre.

God organisering

Det betyr mykje for Skjerve at undervisninga er digital/samlingsbasert.

– Eg kunne ikkje ha tatt desse kursa utan denne organiseringa. Det hadde ikkje vore mulig verken økonomisk eller tidsmessig om det berre var samlingsbasert. Ein annan fordel er at det er i mitt eige korps utviklinga foregår, og at dirigentar i heile norden kan delta på kurset.

Ein annan fordel er at det er i mitt eige korps utviklinga foregår.

Verktøykasse

Målet for Universitetet i Stavanger, UiS og Norges Musikkorps Forbund, NMF som er ein viktig bidragsytar, er at dirigentane skal få ei verktøykasse med innfallsvinklar og metodar som kan brukast i ulike situasjonar. Dette skal igjen gje kvalitetsfylt og effektiv undervisning som skaper gode musikalske resultat, glade musikantar, og på sikt at musikantane blir sjølvstendige.

– Det faglege innhaldet er ein viktig faktor. Å ha denne utdanninga i botnen for korpsdirigentar vil gjere dirigenten betre rusta til å møte kvardagen og utvikle musikantane i korpset betre. Alle treng fagleg påfyll og motivasjon for å kunne utvikle seg og korpset. Med dette studiet får vi det, meiner Skjerve.

Det faglege innhaldet er ein viktig faktor.

Relevant studium på alle nivå

For å kome inn trengst berre vidaregåande skule, men studia er like relevant for alle nivå. Nivået blir lagt opp etter nivået på studenten.

Det er å ønskje at du har tatt Digitale Dirgentstudier før du søker Digitale skolekorpsstudier, eller om du har tilsvarande kompetanse. Om du er usikker, søk, så blir du vurdert. Alle som søkjer må sende inn video.

Søknadsfristar og meir info finn du i lenkene under:

Digitale dirigentstudier, Universitetet i Stavanger. Frist: 1. mars 2019.

Digitale skolekorpsstudier, Universitetet i Stavanger. Frist: 1. mars 2019.