Med instruktørar frå EBML og innhenta spesialkompetanse på treblås vart musikantane delt i ulike aldersdelte korps på seminarhelga i Eidfjord. Dette endte i ein stor konsert i Eidfjordhallen der alle fekk vise fram det dei hadde jobba med i helga.

Instruktør frå EBML inspirerer korpsmusikantar. Foto: Gerd Karine Eriksrud Lunde

Instruktør frå EBML inspirerer korpsmusikantar. Foto: Gerd Karine Eriksrud Lunde

Stor speleglede

– Dette gjekk kjempefint og det var ei fantastisk speleglede frå a til å der ALLE var positive. Det seier musikkonsulent og produsent i NMF Hordaland, Beate Holmefjord. Det var ei veldig kjekk oppleving å vere med på for den relativt nye produsenten i NMF Hordaland.

Det var ei fantastisk speleglede

– Ja, for meg personleg var det veldig inspirerande. Eg fekk også spørsmål om å kome tilbake med eit liknande opplegg om to år.

Korps frå heile regionen

Seminaret og samarbeidet over korpsgrensene med proffe instruktørar har mykje å seie for kvart enkelt korps i Hardanger-regionen. Korps deltok frå blant anna Etne, Odda, Voss og Evanger.

– På responsen å dømme må det bety at vi gjer noko riktig, seier Holmefjord.

Ho gir også ein stor del av æra for at dette vart så vellukka til dei lokale medspelarane i Eidfjord.

– Dei stiller opp med flotte lokale og entusiastiske folk som låner vekk utan betaling. Det betyr mykje også når det gjeld den økonomiske biten.

Ivrige korpsentusiastar og ivrig instruktør. Foto: Gerd Karine Eriksrud Lunde

Ivrige korpsentusiastar og ivrig instruktør. Foto: Gerd Karine Eriksrud Lunde

Eidfjord utan skulekorps

Vertskommunen Eidfjord med 950 innbyggjarar har ikkje eit eige skulekorps i dag, men heile 62 av 90 grunnskuleelevar går i kulturskulen. Kulturskulerektor Bjørne Møen inviterte difor alle foreldra i kommunen til å kome på konserten i Eidfjordhallen søndag. Han prøver nemleg å etablere eit skulekorps i kommunen.

– Dette er veldig bra for korpsmiljøet i regionen. Det er motiverande og inspirerande å få spele saman med fleire i eit større korps, seier han. Opplegget frå NMF og EBML er kjempebra.

Dette er veldig bra for korpsmiljøet i regionen

Mange publikumarar ville høyre seminar-konsert. Foto: Gerd Karine Eriksrud Lunde

Mange publikumarar ville høyre seminar-konsert. Foto: Gerd Karine Eriksrud Lunde

Tenker langsiktig

Møen har eit langsiktig mål. Han veit at det er eit godt kull i barnehagen og difor drøymer han om å kome i gang med 4. – 7. klasse no, så når barnehageborna kjem opp i 3. klasse, ligg alt klart til å ta imot nye aspirantar.

-Vi satsar på brass-besetning som er lettare å drifte enn janitsjar. Vi i kulturskulane i regionen ser at korps slit med få medlemmer. Difor har vi laga oss eit lite regionkorps som møtast ein gong i året. Dessutan skal vi til med musikkundervisning i 6. og 7. klasse der vi startar med blåseundervisning og lagar eit lite ensemble for dei som er interessert i å spele meir korpsmusikk, fortel Møen.

Fantastisk moro

Eikanger-Bjørsvik Musikklag som er Born to play-ambassadørar var med på eit liknande seminar i Eidfjord for to år sidan. Dette gjer dei for å inspirere korps som meiner dei har behov for besøk.

Besøket for to år sidan var ein suksess. Arrangementet i Eidfjord i år er ein del av prosjektet «Samspill for korps» i regi av NMF Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Det gøyaste vi gjer er å spele for begeistra ungdomar

– Vi synst sånt er fantastisk moro å vere med på. Det gøyaste vi gjer er å spele for begeistra ungdomar, seier ein entusiastisk koordinator i elitekorpset frå Nordhordland, Viggo Bjørge. Konseptet er litt det same som Feriespel vi har om sommaren og EB-junior. På sjølve seminarhelga kan det bli relativt lange dagar, men vi trivst med dette og derfor gjer vi det, seier Bjørge.

Her er video frå det fyrste seminaret i 2013:

 

Allereie om halvannan månad er EBML på nytt klare til å formidle korps-kunnskap til korps i nord og spele for publikum i Bodø.

– Vi skal spele festkonsert i det nye kulturhuset Stormen i Bodø i samband med ein festival som markerer det nye kulturhuset. Bertnes Brass arrangerer skulekorpskonsert der vi skal bidra med instruktørar og samspele med skulekorps, seier Bjørge.

Det skjer 13. – 15. november.