– Det her var jo heilt fantastisk morsomt! Eg har kjøpt og seld desse kalendarane i fleire år utan å vinne noko. I år vann eg altså ein flott kniv, og av det kom denne utruleg hyggelege overraskinga, seier han.

Dette er ein reisegåvekort på 10.000 som går til Tennvassås privat. Men han er tilknytta Tromsø orkesterforenings janitsjarkorps og spelar saksofon i korpset. I tillegg er han medlem i eit showband som i stor grad spelar coverlåtar.

Ivrig korpsmusikant

Ole Johan har «vakse opp» i Tromsø Orkesterforening Guttemusikken. I ein periode der dei to borna hans spelte i Tromsø Folkeskoles Musikkorps, spelte han ikkje sjølv. Men han deltok i styrearbeid i korpset og i NMF.

– Eg sat i styret i NMF Troms og så i regionstyret i Nord-Norge, etter at vi vart til ein region.

Delar av Tromsø orkesterforenings janitsjarkorps. Foto: Sebastian Ellefsen/NMF

Delar av Tromsø orkesterforenings janitsjarkorps. Foto: Sebastian Ellefsen/NMF

Korps er for alle

– Kor viktig meiner du korps er i lokalsamfunna våre rundt om i landet?

– Korps er og har vore heilt sentrale i kulturarbeidet i lokalsamfunna, både for store og små. Korps er ein av svært få arenaer der born og unge skaper noko saman på tvers av kjønn, alder og etnisitet, og der alle får vere med og bidra. Det gir ein sosial kompetanse som er gull verdt å ha med seg «i bagasjen». I tillegg er det ein viktig rekrutteringsarena for det profesjonelle musikklivet.

Glad i å reise

Ole Johan likar å reise for å oppleve andre stader og kulturar. Reisa i sommar er alt bestilt. Den går til Italia og Kjøllefjord på Finnmarkskysten der mor hans har hytte.

– Kva planar har du med gevinsten, som er eit reisegåvekort hos Vingreiser?

– Eg forstå at gåvekortet er gyldig i tre år, så eg skal bruke litt tid på å finne ut av det.

Vi gratulerer og ønskjer god tur både til sommaren, og også når hovudgevinsten i Musikkorpsenes julekalendar skal brukast.