Ideen om eit ungdomskorps kom frå to 22-åringar som begge har spelt i korps, men som dei siste åra har vore på utkikk etter eit nytt og ungt korpsmiljø. lb Alexander Kristiansen og Nicolai Kjenstadbakk Berg fekk ideen om å gjenoppstarte Nidarvoll Ungdomskorps som hadde lege i dvale nokre år. Fleire av dei som fekk høyre om ideen ville bli med i prosjektet. Eit nytt styre med seks medlemmer vart konstituert i desember 2020.

Eit skikkeleg ungdomskorps

Det gamle styret i korpset har gitt god starthjelp. (Nidarvoll Ungdomskorps vart stifta i 1968, men har ikkje vore operativt på 5 år.)

– No håpar vi at vi kan gje korpset nytt liv. Nidarvoll Ungdomskorps skal vere eit korps med ungt miljø, som fokuserer på speleglede, og er ein sosial møteplass for unge vaksne med felles musikkinteresse, seier sekretær Vilde Marie Steen Angell.

– Vi ønskjer at dette skal vere eit skikkeleg ungdomskorps, så alderen er sett frå 18 til 40 år. Når vi har kome oss litt meir i gang ønskjer vi å senke alderen til 16 år. Vi vil vere eit godt tilbod for dei som kjem frå skulekorpsa i nærområdet.

Vi vil vere eit godt tilbod for dei som kjem frå skulekorpsa i nærområdet.

Alexander og Nicolai har sjølve spelt i skulekorps og sakna eit korps då skulekorpstida nærma seg slutten. Dei ønskjer derfor eit godt samarbeid med skulekorpsa.

– Då kan vi invitere til prosjekt og rekruttere unge musikarar. I tillegg håpar vi å trekke til oss studentar og unge vaksne som oppheld seg i Trondheims-området.

Alle kan bli med

Nidarvoll er eit korps der alle kan vere med, anten om ein har lyst til å satse på musikk eller om ein berre vil ha ein ekstra aktivitet ved sidan av studiet eller jobb.

– Vi trur at medlemmene kan utvikle seg musikalsk saman og ikkje minst løfte kvarandre i gleda ved å spele. Det skal vere moro å spele uansett kor mykje ein satsar, så vi vil legge vekt på å velje gode musikkstykke som kan passe for alle medlemmene.

– Kva er målet til Nidarvoll Ungdomskorps?

– Det fyrste målet vårt er å kunne spele og marsjer på 17. mai, og så spele konsert mot sommaren. Men sidan vi enno er i oppstarten vil vi dette halvåret bli kjent med korpset, medlemmene våre og korleis det er å drive eit korps.

På sikt er planen å delta på Trøndersk Mesterskap og NM når det let seg gjere, og dei vil arrangere konsertar til haust, jul, sommar osv.

– Det gler vi oss masse til og også å lage prosjekt med medlemmer fra skulekorps rundt oss. Det sosiale kjem til å bli ein viktig del av Nidarvoll Ungdomskorps. Vi har planar om å kunne arrangere spelekveldar og andre sosiale samankomstar så fort det blir mogeleg. Korpset skal bli ein sosial møteplass for studentar som kanskje er nye i byen, ein invitasjon til vaksenkorps-verda for vaksne skulekorpsmusikantar, og ein plass der vi kan skape nye eller oppretthalde gamle vennskap.

Vi gler oss til å lage prosjekt med medlemmer fra skulekorps rundt oss

– Kva type musikk spelar de i Nidarvoll UK?

– Målet er å spele tradisjonell korpsmusikk, nykomponert musikk og ulik filmmusikk eller musikal. Korpset tar sikte på å ta del på både regionale og nasjonale meisterskap, og sjølvsagt kose oss med marsjsesongen.

Optimistisk korpsungdom

Pr dags dato har dei ingen dirigent, men etter årsmøtet i slutten av februar vil Nicolai Kjenstadbakk Berg bli tilsett som dirigent. Pandemien har sett ein stoppar for oppstarten, men styret håpar på ein start tidleg i februar.

– Det er sjølvsagt ulike hensyn vi må ta ta når vi endeleg får starte opp, men det trur vi at vi skal ha god kontroll på, seier Steen Angell.

Styret består av lb Alexander Kristiansen (22), Nicolai Kjenstadbakk Berg (22), Guro Tesaker (22), Erlend Einskar Ellevsen (25), Hanne Abelseth (25) og Vilde Marie Steen Angell (22).

Å vere med i korps gir mestringsfølelse, speleglede og ein plass å utvikle oss saman.

Kjent kvarandre lenge

Alle seks har spelt i korps sidan barneskulen, og korps har vore ein viktig del av oppveksten. Alle har spelt i Trøndelag Ungdomskorps som også har vore noko av inspirasjonen til å skape eit korps med ungt miljø.

– For oss er korps eit viktig sosialt fellesskap og ein plass vi alle har fått gode vennskap. Styret har kjent kvarandre i mange år, møtt kvarandre på sommarkurs eller andre arrangement i NMF. Å vere med i korps gir mestringsfølelse, speleglede og ein plass å utvikle oss saman.

Nidarvoll Ungdomskorps øver på Steindal skole i Trondheim på onsdagar, førebels 19:00-21:00.

Og vi i NMF seier LYKKE TIL!