Brøttum Brass frå Hedemark er ferdig med si framføring som fyrste korps i 2. divisjon under dirigent Ray Farr.

– Det kunne ha gått betre.

Det seier bestemor Solveig Flaten Bakke. Saman med dottera Gina Bakke Halvorsrud og barnebarnet Siri Bakke Halvorsrud er fyrste opptreden unnagjort.

Korpsentusiastar

Dei er ein ekte korpsfamilie og skal i elden seinare i dag, saman med Lillehammer Brass, kl. 1140 i 5. divisjon i Peer Gynt sal. Der er også Kristin Bakke Halvorsrud med. Ho spelar tuba der, medan Siri spelar juff. Kristin og bestemor Solveig skal også spele med Lismarka/Mesnalia brass laurdag. (4. divisjon).

Øver ikkje saman

Det blir lite øving saman i heimen. Begge dei yngste spelar i tillegg til vaksenkorpsa i Brøttum skolekorps.

Brøttum er eit jojo-korps mellom 1. og 2. divisjon. I fjor rykte dei ned til 2. divisjon.

– Men då var ikkje vi med, presierer Solveig lattermild.

Brøttum Brass under ledelse av Ray Farr. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Brøttum Brass under ledelse av Ray Farr. Foto: Olga Wergeland/NMF.

President i NMF, Rita Hirsum Lystad opna NM brass med å ønske alle lykke til. Følg oss gjerne på Sosiale medier. Velkomsttalen ligg på Facebook.

NM brass 2019 er godt i gang!