Inger Helen Eichner frå Hauglandshella på Askøy uttrykte ei tirade av utsegner som «Du tullar!», «Gurimalla!», «Gje deg!» «Åh, nei!», då ho fekk telefon om at ho har vunne 10.000 kroner i eit reisegåvekort frå Ving. Bakgrunnen er eit «vinnarlodd» i Musikkorpsenes Julekalender.

– Eg har aldri vunne noko i heile mitt liv! Er det sant? Inger Helen trur ikkje heilt sine eigne øyre. Men legg til at ho vann eit handklesett med såpedispensar og tannglas etter å ha skrapt alle lukene i kalendaren.

Du tullar! Gurimalla!

Tradisjon for mange korps

Sal av Musikkorpsenes Julekalender er ein tradisjon for mange korps i heile landet. Etterspurnaden har vore stor, og på grunn av stor pågang vil NMF og K. Asplund vurdere å produsere fleire i år.

K. Asplund AS administrerer alt rundt kalendaren. Det einaste korpset treng å gjere er å selje han. Mange korps har fått god forteneste på salet.

Kalendar gjennom korpset

På seinhaustes i fjor kom dei tre borna heim frå korpsøving med kvar sine bunkar med julekalendarar som dei skulle selje til inntekt for Tveit skulekorps. Mor Inger Helen kjøpte like godt alle saman.

– Eg trur eg fekk 10 eller 15 julekalendarar. I dag har eg verkeleg fått valuta for dei pengane og er 10.000 kroner rikare.

Søskena Mariell, Sigrid og Sondre Eichner spelar i Tveit skulekorps. Foto: Privat

Søskena Mariell, Sigrid og Sondre Eichner spelar i Tveit skulekorps. Foto: Privat

Tre born i Tveit skulekorps

Dei tre borna, Mariell, Sondre og Sigrid spelar høvesvis baryton, tuba og kornett i Tveit skulekorps. Korpset deira utgjer også eit av tre korps i Felleskorpset Askøy. Dei blir truleg glade for vinnarlykka til mor.

– Dette blir kjekt å fortelje, dette blir kjempe… ja, grueleg gøy!

Må finne eit reisemål

Med eit reisegåvekort på 10.000 kroner kan familien Eichner på Askøy finne ein destinasjon som dei vil besøke.

– Meg og mannen min har snakka om at vi skal få reist ein liten tur ein plass, men ikkje funne anledning enno. No vart eg tatt på senga, seier ei overraska Inger Helen.

No vart eg tatt på senga

Godt organisert korps

Borna har det alle tiders i korpset. Der er det godt miljø, ein veldig grei gjeng og stabile vaksne som har godt system.

– Dei som styrer i korpset gjer ein svært god jobb og gir oss foreldre god oversikt over alle øvingane og arrangementa i lang tid framover. Det neste korpset skal delta på er den lokale konkurransen Vårspretten 5. mars, fortel 10.000-kronervinnaren.

Vi gratulerer og ønskjer lykke til med Vårspretten og god tur til sommaren!