Alle gode ting er tre
Mathias Langseth Eliassen vann i helga gullstaven i Baton d`Or i Frankrike. – Alle gode ting er tre, seier han etter å ha delteke i Baton D`Or for tredje gong.
– Etter å ha stilt tre år på Baton d’Or klarte eg endeleg å vinne den store finalen og gullstaven. Eg fekk også 1.plass i drilldans, 2.plass i 1 baton og 3.plass i 2 baton! Da er enda et av mine aller største mål i min drillkarriere oppnådd, seier Mathias.
– Gratulerer så mykje. Det er få ting som kjennest betre enn å vinne gullstaven!! Mathias, skriv tidlegare Baton d’Or-vinnar Linn Kvade Rannekleiv på Facebooksida hans.
– Eg er så utruleg stolt over deg, skriv Ida Kleiven Wågsholm frå Spjelkavik Drillklubb.
Norges Musikkorps Forbund gratulerer også så mykje!!!