Det kan lønne seg å kjøpe lodd i Musikkorpsenes Julekalender. De Presno har to jenter på 10 og 12 år som spelar i Tromøy skolemusikkorps i Aust-Agder. Dei har både selt og kjøpt lodd gjennom skulekorpset.

– Dette var svært overraskande og gledeleg. Vi har snakka om å kunne reise til Spania, men aldri gjort det. Eg har aldri vore i Spania og no har vi sjansen, seier Hanna de Presno.

Dette var svært overraskande og gledeleg.

Familien de Presno Garcia. Hanna de Presno vann i Musikkorpsenes julekalenderlotteri. Foto: Privat

Familien de Presno Garcia. Foto: Privat

Øving

Jentene øver litt på fløyte og klarinett heime saman med pappa. På veggen heng det ei oversikt der dei teiknar noko kvar gong dei øver.

– Det går litt i periodar med øving, men no blir det nok litt meir framover fordi korpset skal delta i NM skolekorps janitsjar i Larvik i juni. 10-åringen er junior og får bli med hovudkorpset til neste år, fortel de Presno.

Musikkorpsenes Julekalender trekkjer ein vinnar av dette reisegåvekortet som Hanna de Presno vann, kvart år. Det er ei etterhandstrekning frå K. Aspelund as, som administrerer ordningen for NMF.

Tradisjon

Sal av Musikkorpsenes Julekalender er ein tradisjon for mange korps i heile landet og er ein enkel, trygg og triveleg måte å få inntekter til korpskassa. Og så er det ekstra stas når du vinn.

– Vi er veldig glade for den gåva. Heile familien syntest dette var morosamt, seier de Presno.

Vi er veldig glade for den gåva.