– Vi lærer utruleg mykje på den eine veka og vi skaper venskap og band for livet.  Helene Lillehammer Larsen (18) frå Sandefjord kan ikkje få rost opplegget og sommarkurset nok.

– Alle vil tilbake året etter. Ein blir jo glad i folka som er der. Den veka er ei veke vekke frå resten av verda. Så når du kjem heim saknar du bråket, gleda og kjensla av 80 andre musikkglade menneske rundt deg. Alle som ikkje har vore på kurs før, bør verkeleg reise dit og eg garanterer at du vil tilbake, oppfordrar Helene.

Tusen takk igjen for den beste uka på svart kurs! Man må bare elske hele denne gjengen for alle er like herlige ♥ Beste av de beste ♥ Helene på FB

To av same kaliber

Marianne Henrikke Lindgaard-Berntsen (18) har også vore på svart kurs på Grenland og er overbegeistra. Musikk, korps og kurs er ein del av kvardagen, både sommar og vinter.

– Sommarkursa til NMF og regionkorpset skal ha stor ære for at musikkinteressa mi er så stor. Det er så flott at NMF gir oss ein slik sjanse til å spele i eit stort korps på eit høgt nivå, seier Marianne. Dette har gitt meg mykje speleglede og musikalske utfordringar som eg har vakse på og tar med meg vidare i eige korps, seier Marianne.

Som alltid er det helt rått – og jeg er så takknemlig for å få være en del av denne fantastiske gruppen av fantastiske mennesker som gjør musikk til en gave for oss alle! Marianne på FB

Marianne spelar klarinett i Tjøme Skolemusikk på 12. året, spelar i regionkorpet i NMF Sør og driv i tillegg med dans, sang og teater. Ho skal til på siste året på musikklinja på Thor Heyerdahl i Larvik, har fått rolle i ein musikal med rundt 10 forestillingar som blir sett opp i Sandefjord. I tillegg skal ho vere instruktør for 8 klarinettistar i korpset.

– Det vil bli masse musikk og teater til hausten, seier Marianne.

Mange jern i elden

Sandefjordjenta Helene går på musikklinja i heimbyen med klarinett som hovudinstrument. Ho er ein svært ivirg musikant og spelar både i Haukerød Skolekorps (startar på sitt 10. og siste år) og Sandefjord Musikkorps. Helene er leiar i Janitsjaringens Ungdomsråd i Sandefjord, og som leiar der er ho ungdomskontakt i Janitsjarringen (som er leiarar og vaksne representantar frå skule- og vaksenkorpsa i byen.) I tillegg er ho klarinettinstruktør i Haukerød Skolekorps på fjerde året.

– Eg likar det utruleg godt fordi eg får vere med å utvikle born på instrumentet sitt. Eg prøver å vere ein rollemodell for dei for å vise kor mykje glede korps og musikk kan gje og få dei til å fortsette å prøve og øve. Eg vil at dei skal elske korps like mykje som eg gjer det, seier ho.

Korpsmiljøet påverkar

Korpsinteressa kjem av at heile familien spelar i korps. Miljøet rundt, vener og kjende er korpsinteresserte. Og interessa ser ikkje ut til å avta.

– Korps er noko heilt spesielt der alle kan delta, det er ingen reservebenk, men plass til deg uansett kor flink eller gamal du er. Korps er min favoritthobby som har gitt meg mykje glede i alle år, og det kjem til å vere ein stor del av livet mitt når eg blir eldre også, sler ho fast.

Aktiv også i dans

Helene dansar også ballett, jazz og contemporary. Og ho spelar i regionkorpseti NMF Sør. Om ho må velge mellom dei to aktivitetane går korpset av med sigeren.

– Dans gir meg også mykje glede, men det kan eg ikkje halde på med resten av livet. Det kan eg med korps.

Helene Lillehammer Larsen sommaren 2013. Foto: Privat

Helene Lillehammer Larsen sommaren 2013. Foto: Privat

Sommaren for Helene starta med korpstur til Bærum for å delta på Stabæk/Smågardistenes jubileumsfestival sitt 100 årsjubileum. I tillegg til svart kurs og korpstur i sommar har ho vore med familien til Mallorca.

– Det var deilig med litt strandferie sidan årets norske sommar ikkje har vore så mykje å skryte av. Det blei sjølvsagt mykje bading, is, litt shopping og solbrent hud. Men det følgjer vel med…

Helene: Dette er mitt 9. år på sommarkurs og det er er berre så fantastisk!

Musikken er livet

Marianne Henrikke Lindgaard-Berntsen, våren 2014. Foto: Tonje Mågerø Thorsen.

Marianne Henrikke Lindgaard-Berntsen, våren 2014. Foto: Tonje Mågerø Thorsen.

Ferien for Marianne i år består naturlegvis av musikk. Men dei fyrste vekene var ho på Hawaii med familien og var med på internasjonal convetnion for Lions.

– I tillegg til å vere med på lærerike og interessante seminar og foredrag, fekk vi blant anna også vere med på ein internasjonal parade der vi gjekk langs heile Waikiki Beach i bunad. Å representere Norge i norske bunader på Hawaii, er ei oppleving og veldig spesielt og moro å ha vore med på.

Til helga skal ho på festival med dei eldre søstrene sine, og før skuleåret set inn, skal ho på «etter-kurs»-samling med sommarkurs- og regionfolka.

No er eg på rett plass, med dei rette menneska – det er her eg er meint å vere, og her høyrer eg heime

Høyrer til i korps

– Det eg er med på gir meg ei kjensle av at «No er eg på rett plass, med dei rette menneska – det er her eg er meint å vere, og her høyrer eg heime». Og det ber eg med meg vidare i livet, og som eg er stolt over å ha med meg i bagasjen.

Marianne 6 år: Eg er glad for at eg har begynt i korps!

Starta tidleg

Korpskarriera starta eigentleg litt for tidleg  for Marianne. Då den eldre søstera skulle begynne, vart Marianne med og fekk tilbod om å starte i korpset same haust. Det året var Tjøme Skolemusikk 50-årsjubileum, og som 6 åring reiste Marianne seg på stolen, plinga på glaset og sa:

– Eg er glad for at eg har begynt i korps!

Og no snart 12 år seinare, står ho framleis ved det same utsegnet og er svært takknemleg.

– Etter kvart som åra har gått har eg sett meir og meir pris på alle åra eg har vore del av noko større. Vi lærer å gje kvarandre plass og respetere kvarandre. Og så lærer vi å samarbeide og utøver samspel på ein sunn, hensynsfull og respektert måte – i korpset er det ingen reservebenk. Alt dette tar vi med oss elles i livet, også utanom musikken og gjer oss til dei menneska vi veks opp til å bli, seier Marianne.

Viktig inspirasjon for mange

82 ungdomar i alderen 15-20 år frå Vestfold, Telemark og Agderfylka har vore samla til sommarkurs på Grenland Folkehøgskole ei veke i sommar.

– Målet vårt er at ungdommane skal reise tilbake til det lokale musikkorpset sitt med inspirasjon og meir kunnskap, musikkonsulent i NMF Sør, Trond Korsgård. Nivået på opplæringa er varierande frå korps til korps. For nokon kan sommarkurset derfor vere årets viktigaste undervisning. Vi ser at dei som deltek på kurset får eit skikkeleg løft. Det er rett og slett ei vitamininnsprøyting, seier Korsgård.