Zamspill-suksess i Årdal
The Brass Brothers hadde Zamspill-helg i Årdal med stor suksess. Fem ulike skulekorps deltok. – Musikk rett i hjarterota, skriv Porten.no.
Jazzmusikarane i The Brazz Brothers og 80 skulemusikantar frå fem ulike skulekorps laga konsert saman i Årdal i helga. Musikkoppleving i kulturhuset gjekk rett i hjarterota på tilhøyrarane som gav korpsmusikantane på scena ståande applaus. Sigyn Øren er dirigent for Farnes skulekorps og fortel at helgesamlinga var svært inspirerande.
– Dette var ei skikkeleg eneriginnsprøyting for meg og borna og noko vi vil leve lenge på. Dei (The Brazz Brothers) er så dyktige og får lett kontakt med musikantane. Dei seier dei er kollegaer og det gjer musikantane kjempestolte.
Motivere og rekruttere
Farnes skulemusikk har hatt ei klar målsetjing med dette prosjektet, nemleg motivere og rekruttere nye korpsmusikantar. Måndag samla dei heile barne- og ungdomsskulen og heldt konsert i kulturhuset. The Brass Brothers spurte ut i salen om det var nokon som ville begynne i korps.
– Så no blir det å sende ut informasjon om korpset og ønskje dei hjarteleg velkommen, seier Sigyn Øren.
Helge Øren var konferansier og er like inspirert etter helgesamlinga som dirigenten.
– Denne musikalske helga har handla om samarbeid, meistring, engasjement, samhald, venskap, speleglede og opplevingar. Det er dette det handlar om. Om å vere saman, skape felleskap, og skape dei gode opplevingane, seier han.
Vil aldri slutte i korpset
Thea Lunde (10) på trompet og Andrea Håheim (10) på klarinett i Farnes Skulemusikk er klare i sin tale.
– Vi har hatt det så moro i helga at vi kjem til å halde fram med korpsmusikk, seier dei til Porten.no
Dei fortel at at dei har lært å spele utan notar, og at dei har lært mykje anna av The Brazz Brothers.
Inspiratorar i musikk
Jan Magen Førde i The Brazz Brothers elskar det han held på med og blir sjølv inspirert.
– Vi har hatt ei fantastisk fin helg i Årdal med flinke og dyktige folk. Vi ser på oss sjølve som misjonærar i musikk som reiser rundt i landet for å inspirere korpsmusikantar til å elske musikk og instrument slik vi gjer.
Deltakarar på skulemusikk-seminaret i Årdal i helga, var Farnes skulemusikk, Årdalstangen skulemusikk, Kaupanger skuleungdomskorps, Leikanger skulemusikk og Sogndal skulemusikk. Zamspill er eit samarbeid mellom The Brazz Brothers og Norges Musikkorps Forbund og støtta av REMA 1000.