Det blir eit litt annleis musikkuttrykk i Kongekorpset i år.  Det blir afrikanske rytmar, sang og dans med korpsmusikantar frå fleire ulike korps i Bergens-regionen.

PULSE-instruktørar

Korpset blir instruert av musikkinstruktørar frå PULSE (Samarbeidsprosjekt NMF har med Field Band i Sør-Afrika og Fredskorpset.) Mottaket er med som ei vidareføring av inkluderingsprosjektet PULSE gjennomførte 18. mai i år.

Les: Velukka inkludering med rytme og musikk

– Vi har fått mykje positiv tilbakemelding frå borna som synst det er kjempemoro å spele, danse og synge og dei gler seg til å spele for Dronninga, seier prosjektleiar Beate Holmefjord.

Jonas Eskeland som er ein del av satsinga på ung dirigent i NMF Hordaland, dirigerer Kongesangen.

Dei gler seg til å spele for Dronninga!

Detlakarane har hatt øvingshelg og skal øve og gjere siste finpussen tysdag kveld.

Bli med og opplev Kongekorpset 2016!