- Eg likar ikkje pause – eg vil spele meir!
I sommar har sommarkurs i alle åtte NMFs regionar fått besøk av eit filmteam. Videofilmar Marius Sørhus har fått i oppdrag å lage ein video som dokumenterer sommarkurs i NMF og kva dei betyr for born og ungdom. Kampanjen er sponsa av REMA 1000.
– Dette er gøy, ja, kjempe, kjempegøy! Det er spesielt spennande for meg som ikkje akkurat er veteran innan korpsrørsla.
Marius Sørhus er videojournalist og besøkjer Fauskanger barne- og ungdomsskule på Askøy utanfor Bergen. Rødt og blått sommarkurs er i gang. Her filmar Marius frå huskonserten. Dette kurset er eit av NMFs ni sommarkurs som har fått besøk.
Stor speleglede på kurs
– Det er inspirerande å sjå alle dei ulike stadane i Norge, og mange plassar eg ikkje har vore før. Det er veldig kjekt å sjå born som er like, men likevel så forskjellige. Og det er moro å møte folk frå Toten/Hamar-området, og så reise rett til Mosjøen. Alle har forskjellig lynne, men spelegleda er stor. Det er heilt tydeleg at alle kosar seg på sommarkurs, og det har vore veldig kult å oppleve, seier Marius.
«Alle» vil på film
Han har fått mange gode situasjonar som skal bli med i filmen.
– Ja, innimellom kan det bli for mykje av det gode. Dei er «kids» og har så lyst å bli med på film. Andre gongar er situasjonane ekte øyeblikk som blir morosame fordi borna torer å vere seg sjølve.
Vi har fått ekte øyeblikk som blir morosame fordi borna torer å vere seg sjølve
På sommarkurs er det ein administrasjon som utgjer leirleiarar og ei vaken nattevakt. Administrasjonen står for tilsyn og praktisk tilrettelegging av kurset. Instruktørar øver inn musikk og samspel som skal framførast på huskonsert om kvelden og avslutningskonsert/hentekonsert ved kursslutt.
Kommentarar på rekke og rad
Frukt og drikke står framme, men snart er det lunsj. Musikkorps.no observerer og lyttar til kommunikasjonen mellom borna som er ferdig med gruppeøvingar, og dei vaksne som har oversikten.
– Åh, eg likar ikkje pausar. Eg vil spele meir!
Ei av trombonejentene slenger seg ned på ein stol med dei vaksne. Dei vaksne rundt bordet får beskjed om at det er tomt for juice på bordet i gangen. Men det er meir i kjøleskapet, kald, god, gul juice. Den ivrige musikanten fiksar juicen sjølv.
– Eg er svolten, seier ein annan.
– Brødmat om ti minutt, svarer den vaksne som får kommentar i retur;
– Vi har jo ete lunsj! To brødmåltid etter kvarandre???
– Det blir pizza i kveld etter huskonserten.
– Åja, kvelds og middag har liksom bytta plass. Akseptert!
Sommarkurs = musikkglede og fellesskap
Filmen som er under produksjoen er sponsa av REMA 1000 og skal vise kor gøy det er på sommarkurs. Kursa blir arrangert over heile Norge, og har pågått over fleire tiår.
– Om det er nokon i korps som ikkje veit kva NMFs sommarkurs er, og har gått glipp av kor kjekt dette er, håpar vi å nå ut til dei. Kanskje dukkar det opp nye ansikt til neste sommar, undrar Marius.
God velkomst
Organisatorisk er video-opptaka lagt til rette frå NMFs admininstrasjon og prosjektkoordinator Ragnhild Sandbakk har stått for kontakt, logistikk, overnatting osv.
– Alle synst det er kjekt å få besøk. Teamet har blitt møtt med opne armar, og mange kjenner Ragnhild. Det har vore vesentleg med ein koordinator for å få det til. Men vi møter folk som kjenner Ragnhild og då er kontakten der med ein gong, seier Marius.
Filming er ein stor jobb
Denne veka er teamet på Grenland folkehøgskole i Porsgrunn (NMF Sør), Jæren folkehøgskule på Klepp (NMF Rogaland) og på Namdals folkehøgskole på Grong. På sistnemnde besøk er det drillarane som er i fokus. Tidlegare i sommar har teamet vore i Molde, Hamar, Mosjøen, Melhus og Drammen.
– Kor mykje jobb er det å lage video frå NMFs sommarkurs?
– Det er mykje jobb, mykje reising, men det er moro heile tida! No har vi mange timar med opptak, og så skal det heile redigerast ned til ein felles video, forklarar Marius.
Videoen skal brukast i marknadsføring av sommarkursa rundt om i landet.