Det skal seiast at det hjelpte på at han dei ni første åra av livet sitt budde midt i Bergen sentrum, tre hundre meter frå Grieghallen. Og ikkje minst at bogekorpset stadig vandra taktfast i gatene medan Hogne stod på fortauet full av beundring.

– Eg har framleis tromma frå far min heime, den skal eg pussa opp att.

(Slåttetromma kom til Norge som eit militærinstrument truleg på 13-1400 talet. Slåttetromma er i utgangspunktet lik dei gamle militærtrommene sjølv om det blei laga mange ulike variasjonar i bygdene. Kjelde: Wikipedia)

Hogne slurpar i seg kaffi der han sit på lageret sitt på Frekhaug i Nordhordland, ikkje langt frå bustaden sin i Knarvik. Omringa av marimba, xylofon, rørklokker, symbalar og eit lass av andre typar slagverk, er han i sitt rette element. Det er her 50-åringen dyrkar lidenskapen sin. For sidan 2007 har han levert slagverkutstyr til alle amatørkorps-NM. Alt har han kjøpt sjølv. Og alltid fyrste helga i februar brakar det laust med NM brass i Grieghallen.

MUSIKAR: Hogne anar ikkje kva anna han skulle ha jobba med dersom han ikkje fekk spela slagverk, og syta for at andre fekk det beste slagverkutstyret til sine korps. Foto: Linn M. Rognø.

MUSIKAR: Hogne anar ikkje kva anna han skulle ha jobba med dersom han ikkje fekk spela slagverk, og syta for at andre fekk det beste slagverkutstyret til sine korps. Foto: Linn M. Rognø.

Til vanleg spelar han slagverk i Sjøforsvarets Musikkorps.

– Vårt satsingsområde i Bergen har vore ny musikk, her vert det brukt enormt mykje slagverk, og folk har lagt sin elsk på slagverk og alle dei ulike lydane. Så var det slik at jobben ikkje hadde råd til alt utstyret, då kjøpte eg utstyr til oss sjølv. Etterkvart oppdaga eg at eg faktisk hadde ein heil del slagverk, så då byrja eg å leiga det ut til andre korps også, fortel Hogne.

– Ingen klessetryner her!

Seinare i barndomen flytta Hogne og familien til Lindås kor far hans stamma ifrå, då var det naturlig at Hogne som 12-åring byrja i skulekorps.

Årsaka til at dette skulle resultera i den framtidige karriæra hans, trur han er rimeleg klar:

– I korpset trefte eg folk eg syns det var kjekt å vere ilag med. Eg meiner at noko av det viktigaste av alt er at miljøet i korps er på tvers av aldersgrupper; yngre som ser opp til dei eldre, og eldre som kan læra dei yngre opp, seier han.

Noko av det viktigaste av alt er at miljøet i korps er på tvers av aldersgrupper.

Begeistringa til Hogne er ikkje til å ta feil av når han bøyer seg fram i stolen og gestikulerer med armane:

– I korps har eg fått vener frå alle samfunnslag! Det kan sitje ein hjernekirurg her og ein lagerarbeider der, men det betyr ingenting kva slags bakgrunn du har. I eit korps er alle likestilte, og du finn ikkje eit einaste klessetryne der!

– Eg kan aldri slutta å la meg fascinera over at folk som er fantastisk flinke i yrket sitt og høgt utdanna likevel kan trykka feil på ein tone, og le godt av det sjølv.

”You have a weird noice”

Ingen tvil om kva Lindåsingen elskar, altså. Til dei som heller tykkjer at korps og slagverk minner meir om støy, har han følgjande å seie:

– All musikk er eigentlig støy, men det kan være fin støy. Engelskmenn seier det godt: you have a good sound, you have a weird noice. På norsk fins det vel ikkje noko anna ord for noice enn ulyd? Men engelskmenn brukar det oppimot kvarandre; that noice has to be a good sound.

All musikk er eigentlig støy, men det kan være fin støy.

Samstundes har han ein viss forståing for at nokre folk syns at slagverk er veldig bråkete.

– Men det er jo ikkje ein kjeft som går ikkje på dansegolvet når dei høyrer tekno på høgtalarane! Unts, unst, unst! Folk elskar det jo i den settinga, men det støy for meg, smiler Hogne.

STORT UTVAL: 50-åringen har verksemda si på Frekhaug i Meland, og lageret hans er fylt til randen av slagverkutstyr. Foto: Linn M. Rognø.

STORT UTVAL: 50-åringen har verksemda si på Frekhaug i Meland, og lageret hans er fylt til randen av slagverkutstyr. Foto: Linn M. Rognø.

For all del, trass lidenskapen må Hogne ha pause frå korpsmusikken av og til.

– Når eg har spelt sjølv ein heil arbeidsdag, sit eg ikkje i bilen med full musikk på, og det er faktisk sjeldan eg høyrer på musikk heime. Men på ferie er eg glad i musikk, alt til si tid.

Då er favorittane jazz, klassisk, rock, pop og folkemusikk, men eigentleg er han altetande.

– Men då må det vere kvalitet, understrek Hogne.

– Er du dritgod – sats på det

50-åringen reiser mykje i forbindelse med jobben sin, faktisk er han nesten aldri heime, vedgår han. Heldigvis har han ein familie som støttar han.

– Eg trivs fryktelig godt slik eg har det, og då er det godt med ein familie som forstå kva det går i. Elles kunne eg aldri ha drive med to jobbar.

Men så er også korpsinteressa jamt fordelt i heimen. Kona Marit er musikklærar og sat tidlegare i Eikanger-Bjørsvik Musikklag sitt styre. Sonen Torstein på 24 speler kornett og trompet medan han studerer til master ved Griegakademiet. Dottera Kristin på 22 speler i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, også ho studerer musikk ved Griegakadameiet.

– Ja, det er riktig å kalla oss ein korpsfamilie, nikkar Hogne.

– Eg skal innrømma at vi har pusha korpsinteressa på ungane, men det var også naturleg sidan dei ikkje kunne vere åleine heime då dei var små. Då måtte dei vere med på øvingar, fortel han.

Vi har pusha korpsinteressa på ungane.

Og Hogne ville nok ha pusha ungane til å vere med i korps – heilt til dei ikkje ville ha vore med på det, vel og merke.

– For meg spelar det inga rolle om det er musikk, dans, biljard eller fotball ungane driv med. Så lenge du er dritgod – sats på det! Det er sjølvtillit det skal handla om, og alle passar ikkje inn i A4-ramma i skulen. Ein må hugsa på at alle har eitt eller anna som dei er gode på, ivrar musikaren.

Hogne er veldig opptatt av å få ungdom til å pressa seg sjølv.

– Men det er også viktig at vi som er eldre ikkje ser ned på dei. Ein kan læra så mykje av dei yngre, bedyrar han.

LIDENSKAP: Hogne Olai Holmås (50) får jobba med det han likar best, slagverk i alle formar og fasongar. Foto: Linn M. Rognø.

LIDENSKAP: Hogne Olai Holmås (50) får jobba med det han likar best, slagverk i alle formar og fasongar. Foto: Linn M. Rognø.

Kardemommeloven i fokus

50-åringen tek ein ny kaffislurk. Kva anna ville han ha gjort dersom han ikkje spela i korps og leigde ut slagverk?

– Vore pensjonist på Kreta, kjem det kontant.

Hogne ler medan han legg til.

– Nei, eg ville ikkje ha gjort noko anna. Kva fakerten skulle eg elles ha drive med!

– Korleis vil du eigentleg beskriva deg sjølv?

Entusiasten pausar i kanskje 20 sekund.

– Tja, kven er eg? Engasjert. Eg er levande oppteken av musikk og kultur. Eg er oppteken av at andre skal ha det bra. Eg hatar urettferd.

– Korleis trur du at du vert oppfatta av andre?

– Eg håpar at andre tykkjer at eg er ein ok fyr. Eg prøver så godt eg kan å leva etter Kardemommeloven.

Me kan ikkje berre ha det gøy, me må ha det litt moro óg.

Hogne har eitt motto:

– Me kan ikkje berre ha det gøy, me må ha det litt moro óg, seier han.

Vere positiv, enkelt og greitt.

– Er du negativ, så kan du vere negativ på ein positiv måte.

Eg er levande oppteken av musikk og kultur.