40-årsfeiring av Alstad Skolekorps gjekk over to dagar med fest for musikantane i korpset fredag kveld. Gymsalen i Alstad ungdomsskole var omgjort til festlokale. Laurdag var det storkonsert i Stormen kulturhus i Bodø.

Tre saksofonistar i Alstad Skolekorps.

Tre saksofonistar i Alstad Skolekorps.

God musikalsk utvikling

Korpset viste også fram at det har hatt stor musikalsk utvikling. Tilsaman 15 solistar formidla flotte solistinnslag og publikum fekk møte 40 tidlegare korpsmusikantar som var komne heim til jubileet. Dei danna jubileumskorps som fekk spele mot slutten av konserten. Som stor finale på konserten spelte meir enn 80 musikantar på scena Concerto D Amore, av Jacob de Haan. Det vart ei avslutning med trøkk i.

– Dette viser eit imponerande engasjement mange opplever for det  skulekorpset dei har spelt i, seier leiar i korpset Tore Stenersen.

– Vi ville vise den veldig gode utviklinga vi har hatt dei siste seks åra, frå 9 medlemmer til eit solid og stort korps på rundt 30 musikantar som spelar musikk med høg vanskegrad.

I tillegg spelte dei to nummer der England Brooks (kjent fra både the Voice og Beat for Beat) var songsolist saman med korpset.

England Brooks sang saman med Alstad skolekorps

England Brooks sang saman med korpset

Programleiarar for Bodøs byjubileum

Konserten var og arena for finaleoppgåva til Bodø sine nye programleiarar. Fire unge gjorde ein strålande innsats med å leie forestillinga. Ein jury valde onsdag Benedikte Røberg (16) og Julian Audy Johnson (20) som programleiarar for Bodø sitt byjubileum i 2016.