Det er Kristiansand kommune i samarbeid med stiftinga Cultiva og NMF Sør som har bede instituttleiar Jens T. Larsen ved Universitetet i Stavanger om å sjå på situasjonen for korpsa. Utgreiinga som vart offentleggjort sist veke er blitt til i tett samarbeid med skulekorpsa i Kristiansand, kulturskulen og NMF Sør.

Godt arbeid, men også sårbare

Byen i sør har til saman ni skulekorps. Det blir lagt ned mykje godt arbeid i korpsa, men dei er sårbare med tanke på rekruttering, musikalsk leiing og styrearbeid.

Analysen i rapporten viser at korpsa i for stor grad er i sine eigne «bobler». På den eine sida treng dei å profesjonalisere og styrke det musikkfaglege arbeidet. Basis i all korpsutvikling er å ha eit spesielt fokus på kvalitet i grunnopplæringa og sørge for at musikantane får best mogeleg musikkfagleg tilbod. På den andre sida må frivilligheiten styrkast gjennom å formalisere fellesskap mellom korpsa, og få opplæring i drift og organisering av korpset som frivillig organisasjon i eit samarbeid med NMF Sør, heiter det i rapporten.

Last ned utgreiinga: Skolekorpsutredning Kristiansand

Aspirantopplæring viktig

Rapporten legg også vekt på kor viktig det er med kvalitet på aspirantopplæring og utfordrar kulturskulen til å utarbeide fagplanar i samarbeid med korpsa og få på plass ein eigen dirigentressurs for dei yngste.

Må betre akustikken

Dessutan peikar rapporten på at fleire av øvingsromma har eit lydnivå som er skadeleg for hørselen. Her er det anbefalt å gjere utbetringar med ein gong.

Dette er nybrotsarbeid og signal om at kommunen vil gjere tiltak ut frå fakta, Dahl Hanssen

Kommunen er med

Kulturdirektør i Kristiansand Stein Tore Sorthe seier korpsa er ein del av den kulturelle grunnmuren i samfunnet, og har vore det lenge. Som kulturdirektør jobbar han også med andre deler av grunnmuren, men korpsaktiviteten som ein del av den, må vedlikehaldast.

– Begynner det å rakne i ein del, så hjelper det ikkje med gode enkelttiltak. Heile grunnmuren må haldast ved like, seier han.

Sorthe fortel at dei får ulike tilbakemeldingar frå korpsa i kommunen. Korpsa har ulike behov og er i ulike fasar og difor ville han få utarbeidd rapporten for å ha eit grunnlag å jobbe ut i frå.

– Kulturfeltet har for lite kunnskapsbasert politikkutforming og mitt ønskje er å ha best mulig grunnlag for å avgjere kva vi skal bidra med for å få best mulig utvikling for korpsa.

Vi må få betre forståing for kvarandre sin situasjon, Sorthe

Felles forståing for kvarandre

Rapporten bidreg til å konkretisere kva som må gjerst og kven som må ta tak. Og relasjonen mellom korps og kulturskule er eit av områda som kan betrast. Korpsa får pengar kvart år, til dirigentordning gjennom kulturskulen, men innsatsen kan openbert bli mykje betre i ein by på Kristiansand sin storleik meiner kulturdirektøren.

– Vi må få betre forståing for kvarandre sin situasjon og kva rammevilkår som ligg til grunn. Det er det viktigaste for meg å ta tak i no. Vi har ikkje mål om å gjere korpsa større, men få til høgare kvalitet og betre samhandling. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Sorthe.

Kulturdirektør Stein Tore Sorthe takkar Jens T. Larsen for arbeidet. Foto: Finn Arne Dahl Hanssen.

Kulturdirektør Stein Tore Sorthe takkar Jens T. Larsen for arbeidet. Foto: Finn Arne Dahl Hanssen.

Vil gje politikarane innsikt

Dialogen framover blir viktig. Manglar det på pengar, må politikarane få varsel om det.

– Eg opplever at viljen er der, både frå kommunen og frå korpsa si side og så blir det min jobb å sørge for at politikarane er oppdaterte og får innsikta som rapporten formidlar. Bystyret kan ikkje rekruttere, samarbeid mellom korpsa må dei sjølve ta tak i, men vi kan legge til rette og støtte økonomisk. Den jobben skal vi gjere no, seier Sorthe.

Han legg til at forslag i rapporten eignar seg godt til eit slags fond, for eksempel instrumentfond, utdanningsstipend eller andre former for stipend.

Faktainformasjon om korps

Dagleg leiar i NMF Sør, Finn Arne Dahl Hanssen kjenner ikkje til at det er gjort slikt utgreiingsarbeid tidlegare.

– Dette er nybrotsarbeid i seg sjølv og eit signal om at kommunen vil gjere tiltak på faktabasert grunnlag. Kristiansand kommune tar eigarskap i rapporten og la godt til rette for presentasjon av rapporten. Ordførar Harald Furre innleia og kulturdirektøren avslutta. Jens Torolf Larsen presenterte utgreiinga på ein fin måte, seier  Dahl Hanssen.

Tida, dialogen og innsatsen frå både kommune, korps, organisasjon og ulike pengeløyvingar vil vise kva resultatet blir.