Det er mange unge musikarar som har øvd lenge og mykje til årets uttak til den nasjonale mesterskapet i januar 2016. I fjor vart Louise Nitter Røsland (bildet) vinnar av klasse 2, treblås og kåra til «Årets talent» 2015 av Norges Musikkorps Forbund.

Nasjonal meisterskap i januar

Dei beste frå dei regionale meisterskapa kvalifiserer seg til den nasjonale meisterskapen som går av stabelen i Oslo 23. – 24. januar neste år. Alle fyrsteprisvinnarar med 24 eller 25 (av 25 oppnåelege) poeng kvalifiserer seg direkte til den nasjonale meisterskapen.

Høgt nivå

I Bergen var juryen veldig imponert over det imponerande høge nivået på deltakarane.

– Det var veldig kjekt å få høyre så mange dyktige musikarar. Det lovar  godt for Musikk-Norge, seier musikkonsulent i NMF Hordaland, Beate Holmefjord.

Aldersgrense 26 år

For å delta i Ungdommens Musikkmesterskap må du vere under 26 år. Det blir konkurrert i disiplinane piano, slagverk, treblås, messingblås og kammermusikk.

Samarbeidsarrangørar

Arrangør av UMM er Norsk kulturskoleråd, Musikkpedagogene Norge og Norges Musikkorps Forbund. Norges musikkhøgkole er med som ein viktig samarbeidspart på arenafornten under den nasjonale meisterskapen. Der skal blant anna Årets musikar kårast, og vedkomande får 50.000 kroner.

Åtte byar/plassar

Her går dei andre mønstringane av stabelen: Alta, Tromsø, Trondheim, Ålesund, Stavanger og Sandefjord. Oslo og Bærum har delt sitt og arrangerer mønstring både laurdag og søndag. Det er gratis inngang for dei som ønskjer å høyre på dei unge dyktige musikarane.

Du finn resultat frå helgas UMM i Bergen på UMM sine sider og alle resultata vil etterkvart dukke opp der. 

Les hva Kulturtrøkk skriver om helgens arrangement.