Hell i uhell

All bagasje, alle instrumenta, alle notestativa til 40 musikantar kom ikkje lenger enn til Danmark då Kampen Skolekorps var på korpstur til Italia i fjor. Korpset måtte låne instrument for å kunne spele konsert. Flora var komen kvelden før og dei vaksne fekk god kontakt med kvarandre. Med lånte instrument og tett dialog var isen broten.

– Det kom opp mange ville idear den kvelden – ja, kanskje den minst ville ideen var å spele eit NM saman, fortel Ingeborg Jensen, mor i Kampen.

Kampen Skolekorps og Floraskulen brassband spelte 1. sats frå Appalachian Mountain Folk Song Suite av James Curnow og Dakota av Jacob de Haan.

Kampen Skolekorps og Floraskulen brassband spelte 1. sats frå Appalachian Mountain Folk Song Suite av James Curnow og Dakota av Jacob de Haan.

Ideen vart realitet

Tillitsvald Trygve Sæten Nilsen frå Floraskulen brassband og Thomas Rosenberg frå Kampen Skolekorps er to av dei som møttest i Italia.

Ingen av dei hadde vore i NM visst det ikkje var for samarbeidet over fylkes og kommunegrenser. Dei hadde vore for få.

– Vi mangla for mykje slagverk, seier Trygve. I Kampen har vi mange juniorar og aspirantar, men ikkje nok til å kunne stille åleine med hovudkorpset i NM, seier Thomas.

To flotte representantar for samarbeidskorpsa: Trygve Sæten Nilsen/Floraskulen og Thomas Rosenberg/Kampen.

To flotte representantar for samarbeidskorpsa: Trygve Sæten Nilsen/Floraskulen og Thomas Rosenberg/Kampen.

God konsert

Begge er fornøgde med konserten i Kuppelhallen i dag.

– Det gjekk veldig bra, over all forventning eigentleg, seier Trygve. Vi møttest i går og øvde saman. Før det har vi berre vore saman ein gong på seminar i Bergen. Og i Italia spelte vi ikkje saman.

– Eg trur det gjekk veldig bra. Som Trygve seier, det har vore stor forbetring frå seminaret i Bergen, øvinga i går, til det vi spelte på scena i dag, seier Thomas.

Korpset fekk ståande applaus frå publikum.

Korpset fekk ståande applaus frå publikum.

Alle smilte

Dirigent Torgeir Halvorsen meiner korpset gjorde ein god innsats.

– Det gjekk greit. Vi gjorde så godt vi kunne. Det var veldig gøy og eg trur alle smilte, det er det gøyaste.  Det er det som er korps, det skal vere gøy, godt samarbeid og kaaanskje nokre nye forelskelsar, dreg han på det, og ser i retning musikanatane.

Kanskje meir samarbeid

I helga er Kampen godt vertskap for Floraskulen brassband og kanskje blir det nye samarbeid? Floraskulen har i alle fall allereie bestilt Spaniatur sommaren 2017.

– Reiseleiaren vår har vore i kontakt med Kampen og stilt spørsmålet. Vi håpar dei blir med. Då får spanjolane gleden av å oppleve koprssamarbeid på tvers av fylkesgrenser, seier Halvorsen.

– Det å få oppleve NM, og at vi har gjort ein god jobb i dag, var ein fantastisk opplevelse, seier Ingeborg Jensen ivrig.