Korps og deltakarar har i morgontimane og utover dagen inntatt Trondheim by. Ein by som tar imot musikarane med opne armar.

God velkomst

Innkvartering, utdeling av adgangskort, innsjekk på overnattingsplassar ser ut til å gå som smurt. Dugnadsgjengen i sekretæriat er smilande og imøtekomande. Mange møter gamle kjende og vi høyrer summing og latter i ankomsthallen. Alle gler seg mest til å gå på scena med musikk dei har øvd på i mange månader.

Musikkforeningen Viken frå Østfold er spente rett før dei går på scena. Foto: NMF

Musikkforeningen Viken frå Østfole er spente rett før dei går på scena. Foto: NMF

Laurdag

Laurdag er det start med Eliten kl. 1000 i Olavshallen. Då går Vestre Aker Musikkorps frå Oslo på scena. 2. divisjon startar i Scandic Nideleven ein halvtime før, kl. 0930 der Gjøvik Musikkorps er fyrst ut. På samme tid startar 3. divisjon i Royal Garden Hotell. Oslo Postorkester er klare då. I 5. divisjon startar også kl. 0930 der Nannestad Janitsjarkorps er fyrste korps ut.

Lykke til med framføringa, konkurransen, musikken og fellesskapen.

Om du ikkje er i Trondheikm og kan høyre konsert, følg oss på TV 2 Sumo. #allesnakkerkorps #nmjan

Stavanger av 1919 i NM-studio etter konserten i 1. divisjon. Foto: NMF

Stavanger av 1919 i NM-studio etter konserten i 1. divisjon. Foto: NMF