Manstad-drillarane tok flest gull
Drillarane frå Manstad Skolekorps henta heim heile 10 gullmedaljar under Skjærgårdsdrill i Horten sist helg. Horten-jentene viste strålande takter og drilla seg til 9 gullmedaljar. Spjelkavik vann Parade Corps og skal representere Norge i VM Twirling i Italia.
Manstad-drillarane gjorde ein strålande innsats under Skjærgårdsdrill 2015. Heile 10 gullmedaljar tok dei med seg heim. Også Horten-drillarane tok mange gull med seg heim, men eitt mindre gull enn Manstad.
Spennande fyrsterunde
Skjærgårdsdrill er den fyrste kvalifiseringsrunda til NM korpsdrill i juni. Drillarane skal ut i fleire kvalifiseringskonkurransar før NM korpsdrill. Men i den fyrste runden får utøvarane testa formen og sjå om dei er i rute.
– Den fyrste kvalifiseringa er litt ekstra spennende både for utøvarane og arrangør, seier drillkonsulent i NMF Sør Camilla Eriksrød-Fjelldahl. Vanlegvis er det Horten som tar det meste, men i år slo Manstad til.
Einarar med to stavar
Ikkje nok med at Manstads drillarar tok ti gull i Horten, i 2 baton tok dei gull i alle tre aldersklassane.
Til VM i påska.
Amalie Bustgaard Pettersen fekk famnen full av pokalar under Skjærgårsdrill. Utanom sigeren i 2 baton, vart det også eit gull i solo drilldans, 1 baton, drilldans duett, og ho var med i Manstad sin majorettestropp som også henta heim gull i klassa traditional. Ho skal drille i 2 baton i VM.
Thea Fjæraa vart norgesmeister i 2 baton i fjor, og skal også ha dette programmet i VM i Italia.
Andrea Rådahl har drilla 2 baton sidan kategorien vart oppretta i Norge, og gjorde reint bord gjennom to sesongar i juniorklassa. Sigeren søndag i 2 baton var hennar fyrste gull i 2 baton i seniorklassa. I VM er ho reserve i 1 baton.
Spjelkavik til VM Twirling
Spjelkavik vann Parade Corps framfor Skedsmo Drill, og får muligheten til å representere Norge i Parade Corps under VM Twirling.
Heile resultatlista frå Skjærgårdsdrill
Demokraten: Gulldryss til Manstad-drillerne