Ny nettside = nye utfordringar
NMF si nye nettside musikkorps.no har fått mange gode tilbakemeldingar, men også melding om at den skaper noko hovudbry. Formålet med å lage nye sider er at det skal vere lettare å finne fram til aktivitetane i organisasjonen. Her kjem ei oppskrift på kva og korleis. Håpar den kan vere til hjelp.
NMF er ein aktivitetsbasert organisasjon. Hovudtanken er at kvart arrangement i NMF skal dukke opp på framsida når arrangementet er aktuelt, som i ein kalendar.
Gjennom ulike filtreringar kan du som lesar velje kva region du vil få oversikt over og kva type korps (evt tillitsverv) du vil ha informasjon om. Dessutan er det mulig å filtrerer på “nyheter”, og du finn statisk informasjon om organisasjonen. Musikk og drill har fått si eiga fane. Her finn du dirigent-stoff, drillstoff og to av NMFs satsingsområde, PULSE og Born to play.
Nokon har etterspurd arrangements-kalendaren. Den har vi kutta ut, men vil ta den med i vurdering når vi skal vidareutvikle musikkorps.no.