Helsefokus

Samarbeidsprosjektet PULSE Stronger Together er eit utvekslingsprosjekt mellom Fredskorpset/Field Band Foundation/Norges Musikkorps Forbund. Prosjektet vart etablert i 2013 og i juli kom gladnyheita om tre nye år for PULSE. Fokuset i prosjektet er at musikk bidreg til god helse.

Inkludering

I Norge står inkludering i korps sentralt. Her er målet at alle skal med og kjenne samhøyrighet. NMF har fokus på språklege minoritetar og lavinntektsfamiliar. To av dei fire deltakarane i Norge jobbar i Oslo, dei to andre i Bergen. Men fleire av prosjekta er dei felles om, særleg i starten.

Dei fire afrikanarane har vore med på øving før Barnas Verdensdager. Foto Olga Wergeland/NMF

Dei fire afrikanarane har vore med på øving før Barnas Verdensdager. Foto Olga Wergeland/NMF

Stor aktivitet

Laurdag er dei med Furuset skoles musikkorps og Bjørndalskolenes musikkorps på Barnas Verdensdager i Oslo. Sist helg var dei med ungdom i «Samspill», og over helga deltar dei på Glowmusic saman med slagverkpedagog og dirigent Ante Skaug.

I Oslo er Sihle Mabena og Sizwe Nkosi stasjonert. Thulani Dupa held til i Bergen saman med Masibulele Langa. Starten har vore fantastisk. For Thulani var det litt rart og som ein draum å kome tilbake til Norge. Han var deltakar i Bands Crossing Borders i 2012/13.

– Eg er glad i å arbeide med born og unge. Eg trur eg har noko å tilby gjennom vår kultur og vår måte å tolke musikk på. Og vi har med oss nye aktivitetar som borna synst er morosame.

Masibulele er samd og legg til:

– Vi kan lære borna at korps ikkje berre handlar om musikk, men her kan dei oppdage at fellesskapet bind saman, medan kvar for seg blir dei ståande åleine.

Erfaring å ta med «heim»

Alle dei fire håpar å vere gode leiarar i Norge og bli gode eksempel for ungdom i sin kommune når dei kjem tilbake til Sør-Afrika.

– Vi vil bruke vår metode til å støtte og lære dei lokale instruktørane i korpsa vår metodikk innanfor musikk som er annleis enn i Norge, men attraktiv for musikantane.

Alle skal med

I samarbeid med Bli betre få det betre, som er NMFs mentorprogram for korps, vil dei også støtte opp under lavterskeltilbodet, alle skal med og gje ei hjelpande hand til inkluderingsagentane.

Og eit nytt Aktivitetsbibliotek som PULSE har utvikla i fieldband i Sør-Afrika, skal testast ut også i norske korps.

Sør-Afrika

I Sør-Afrika er det fokus på å jobbe med helsefremjande tiltak i Field Band Foundation (FBF). Deltakarane tar materiellet som tidlegare PULSE-deltakarar har utvikla og vil lære opp musikklærarar i utdanningsinstitusjonen Field Band Education (FBE). På den måten skal  korpsmedlemmer kunne kjenne mestring, tilhøyrighet og få ein meiningsfull fritidsaktivitet. I tillegg vil dei lage helestrategi for FBF.

– Vi vil vere ei positiv kraft for å få til endring i samfunnet, skriv dei i bloggen sin, PULSE Stronger Together.

Dei fire norske som er stasjonert i Sør-Afrika er Geir Anfinn Halland Johansen, Emely Ruth Waet, Ine Nord og Solvor Vermeer.

Alle deltakarane i PULSE Stronger Together 2016/17. Foto: NMF

Alle deltakarane i PULSE Stronger Together 2016/17. Foto: NMF