Ingunn Quenild går i år på studiet metodikk for nybegynnerorkester (aspirantkorpsstudiet) ved Musikhögskolan Ingesund. Dette studiet er praktisk retta mot kvardagen i korpset og har fokus på dirigentteknikk, repertoarkunnskap, instrumentkunnskap og kunnskap om borna si utvikling og korleis dei lærer best. Musikkundervisninga består av gruppebygging og ulike musikalske element.

Ingunn Quenild i øvingssituasjon. Foto Birgitte Grong/NMF.

Ingunn Quenild i øvingssituasjon. Foto Birgitte Grong/NMF.

Opptatt av aspirantkorps

Quenild er frå Melhus/Trondheim, spelar valthorn, og underviser på messinginstrument i kulturskulen. Ho er aspirant- og juniordirigent i to korps, Melhus skolekorps og Vikhamar og Saksvik skolekorps. Reisa til Ingesund tar litt tid, men blir vegd opp av møtepunkta med andre studentar.

– Miljøet blant oss studentar er heilt fantastisk. Det blir litt som å kome heim og møte ein storfamilie som er like brennande engasjert i aspirantkorps som meg sjølv. Eg må innrømme at eg var skeptisk til lang reisetid, men med tanke på kva eg sit igjen med av kunnskap, så er dette ei rein vitamininnsprøyting for meg som dirigent, seier Quenild.

Rein vitamininnsprøyting for meg som dirigent.

Hentar inspirasjon og erfaring

– Det å kunne dra nytte av kvarandre sine erfaringar og sitte etter avslutta undervisningsdag og diskutere fag, er gull verdt. Vi får eit nytt og spennande nettverk. Det er lange dagar, men med veldig dyktige og engasjerte forelesarar så gløymer eg at tida går. Plutseleg sit eg på toget heim fylt opp av masse inspirasjon og nye idéar, seier Ingunn.

Vi får eit nytt og spennande nettverk.

Ingunn anbefaler studiet ho går på, på det sterkaste.

– Ja, så absolutt! Studiet er flott på den måten at det er så praktisk retta mot det vi driv med i det daglege. Mykje av oppgåvene som skal gjerast er utforma slik at ein jobbar med dei praktisk i kvardagen. Det gjeld planlegging, arrangering, dirigering og veiledning – som foregår på skype.

Veiledning og praksis. Foto: Birgitte Grong/NMF.

Veiledning og praksis. Foto: Birgitte Grong/NMF.

På studiet lærer dei mykje om dei musikalske byggesteinane og korleis dei kan bruke desse som fundament i undervisninga.

– Her få eg verkeleg fylt opp verktøyskrinet med mange nye idéar og metodar som eg tar med i mi eiga undervisning, både i korpset og kulturskulen.

Her få eg verkeleg fylt opp verktøyskrinet med mange nye idéar og metodar.

– Kor viktig meiner du det er å ha ei fagleg utdanning i botnen for å vere dirigent?

– Klart det er viktig! Dette er med på å gi fagleg tyngde, trygghet og gjer oss sjølvsikre. Ei utdanning som dette rustar oss som dirigentar. Ikkje berre på dirigentteknikk, men også på korleis vi skal legge til rette for ei best mulig fagleg utvikling for alle musikantar, bygge fagleg- og sosialt miljø, og ikkje minst bli god på å planlegge og evaluere eiga undervisning.

Tre studium = 90 studiepoeng

Aase Marit Ramton frå Rælingen går 3. og siste året ved Musikhögskolan Ingesund. I år tar ho Metodik för blåsorkester på hög nivå. Ho har tidlegare tatt nybörjarnivå og mellannivå. Oversett til norsk er ho snart ferdig med studie for direksjon for aspirantkorps, juniorkorps og hovudkorps, og har med det fått 90 studiepoeng.

– Vi lærer dirigentteknikk, men vel så viktig er det at vi lærer musikkdidaktikk. Vi lærer alt frå musikkleikar for born, korleis legge til rette for slagverk, arrangering av musikk, utvikling av dirigentrolla og generell pedagogikk. Og også planlegging og drift av korps.

Søk utdanning på mellomnivå

Studia i Sverige er utvikla i tett samarbeid med Norges Musikkorps Forbund. Dette er ein viktig del av NMF sitt arbeid med satsing på dei yngste korpsmusikantane. I dei tre studia fordjupar ein seg i arbeid med aspirant-, junior- og hovedkorps, og er eit supert supplement til skulekorpsdirigenstudiet NMF har utvikla i samband med Universitet i Stavanger. Kvart av studia på Musikhögskolan Ingesund gir 30 studiepoeng og er samlingsbasert. Studiet som har opptak til hausten, med søknadsfrist 15. april er mellomnivået (dirigering av juniorkorps). Dette og dei to andre studia går annakvart år.

Søk: Metodik för blåsorkester på mellannivå. 

Har du spørsmål om studiet, kan du ta kontakt med Birgitte Grong.

Samlingsbasert

Det at studia er samlingsbasert gjer det mulig å kombinere det med jobb og familie.

– For meg har det vore avgjerande, seier Aase Marit Ramton.

Leif Wangin er lærar i dirigent-teknikk) og Maria Palmquist er lærar i rytmikk. Foto: Birgitte Grong/NMF.

Leif Wangin er lærar i dirigent-teknikk og Maria Palmquist er lærar i rytmikk. Foto: Birgitte Grong/NMF.

Ramton skryt også av forelesarane og dei andre studentane. Her lærer dei på tvers av landegrensene.

– Det er kjempefint at det er blanding av nordmenn og svenskar. Eg trivst veldig godt. Det er bra miljø, bra folk, ja rett og slett bra studium! Eg anbefaler det på det varmaste til dirigentar på alle nivå i skulekorpset.

Eg anbefaler det på det varmaste til dirigentar på alle nivå i skulekorpset.

Unikt tilbod

Ho meiner det er unikt at det finst utdanning for dei som dirigerer dei minste borna. Denne utdanninga har ho venta lenge på og meiner det er viktig at dirigentar tar utdanning.

– I arbeidet med dei yngste borna er det pedagogikk og didaktikk ein treng mest av alt.

Mange jern i elden heime

Aase Marit er dirigent for Juniorkorpset i Rælingen Skolekorps. Ho har sjølv spelt klarinett i Lillestrøm Musikkorps i mange år og var med dei til EM i fjor der dei kom på 2. plass. I år har ho permisjon frå Lillestrøm og spelar i nystarta Rælingen Konsertensemble. For nokre år sidan var ho med å starta Rælingen Knøttekorps for 1. og 2. klassingane og dirigerer dei.

– Det er fantastisk gøy. Der har eg meir ei rolle som grunnskulelærar enn dirigent, så studia frå Ingesund kjem godt med.

Studia frå Ingesund kjem godt med.

Studentar på Musikhögskolan Ingesund. i år Foto: Birgitte Grong/NMF.

Studentar som går på ulike nivå på Musikhögskolan Ingesund i år. Aase Marit Ramton er nr. 3 framme frå venstre. Foto: Birgitte Grong/NMF.

På studia ved Ingesund er det fem helgesamlingar og 4 einetimar på video. (Sjå faktaboks opp til høgre for nærare info om tidspunkt).
Frist for å søke opptak til kurset på mellomnivå (juniornivå) er 15. arpil.

Sjå til Melhus

Melhus skolekorps der Ingunn Quenild er dirigent for aspirant og juniorane har hatt ei svært god utvikling. -Kva er nøkkelen til suksess?

– Nøkkelen til suksess for oss er engasjerte dirigentar, kulturskulelærarar og foreldre som klarer å motivere og inspirere borna. Vi har eit svært godt samarbeid med kulturskulen i Melhus der rektor, lærarar, styret og dirigentar prioriterer korps. Eit samarbeid til barnas beste.

Les: Nøkkel til suksess