Godt fornøgd med 2. plassen

– Vi er kjempefornøgde med framføring og plassering. Ein 2. plass ei ein sesong med til dels store utskiftingar er imponerande av unge musikantar, skriv dei på si Facebook-side.

Tertnes var regjerande Europameistrar, men måtte sjå seg slått av Elland Silver Youth Band frå England som gjekk heilt til topps.

Vi er kjempefornøgde, Tertnes

– Det gjekk fint, men det var litt vanskeleg sal å spele i, så det var kanskje litt uvant for muskantane i forhold til det dei er vant med, seier dirigent for Tertnes Jan Egil Jørgensen.

Manger leverte også

– Eg trur vi klarte å levere det vi skulle gjere. Det har vore intense åtte veker, inkludert påskeferie, vinterferie. Det var ein rar sal, men eg trur vi klarte å gjere det vi skulle, sa Tunestvedt rett etter dei var ferdige på scena.

Manger Skulemusikklag kom på 3. plass. Foto: Anne Kolstad Morken.

Manger Skulemusikklag kom på 3. plass. Foto: Anne Kolstad Morken.

– Musikantane er fornøgde, men dei merka at det var ein annleis sal enn det vi har vore i tidlegare, så eg trur ikkje alle fann godfølelsen, seier Thunestvedt.

Men Manger tok 3. plassen og fekk med seg bronsemedaljen heim, to poeng bak Tertnes Skoles Musikkorps.

– Vi har hatt ein utruleg flott tur til EM i Oostende. Vi hadde det grådig kjekt og er godt fornøgd og spelte så godt vi kunne, skriv dei på si FB-side.

Vi spelte så godt vi kunne, Manger

Her finn du bilde og fleire kommentarar frå Tertnes

Her finn du bilde og fleire kommentarar frå Manger

Les om Europameister Eikanger-Bjørsvik Musikklag.