Frå måndag til fredag i veke 9 arrangerer Norges Musikkorps Forbund og NMF Hordaland VinterPULSE på Ny-Kronhborg skole på Danmarksplass.

Det blir fem dagar med musikk, dans og leik for born og unge, saman med instruktørar frå Sør-Afrika (PULSE-deltakarane) og medhjelparar frå Hordaland Ungdomskorps (HUK) og Hordaland Ungdoms Brass Band (HUBB). VinterPULSE er ei hektisk og morosam veke fylt med musikk, rytme og speleglede.

Her kan du melde deg på: Bli med du også! 

Prosjektet rettar seg både mot born som har erfaring frå musikkorps og born som ikkje har det. Musikantene er altså velkommen til å ta med seg ein ven.

Fokus på inkludering

NMF har starta eit større arbeid med å ha betre fokus på inkludering av medlemmer frå varige låginntektsgrupper i samfunnet. I Hordaland rettar dette arbeidet seg mot familiar med innvandrarbakrunn, og med opphald i landet.

– Det å syna kor viktig det friviljuge arbeidet er i det norske samfunnsmaskineriet, er særs viktig. Dette kan vera avgjerande når det gjeld å verta fullt integrert i lokalmiljøa, seier inkluderingsagent Viggo Bjørge.

Redd Barna med på laget

Ein annan organisasjon som også arbeider mykje med dette, er Redd Barna. Gjennom prosjektet «En god nabo», syner dei mange familiar ulike aktiviteter som er aktuelle i nærområda.

– Til no har ikkje korps vore på agendaen, så difor er det ekstra kjekt at Redd Barna vert med på VinterPULSE, og på det viset vil verta kjende med den fantastiske korpsrørsla, seier Bjørge.

Ny-Krohnborg skole på Danmarksplass

VinterPULSE  markerer på eit vis starten på det arbeidet inkluderingsprosjektet skal ha i Hordaland i heile 2017. Ny-Krohnborg skole og kultursenter er vald av fleire omsyn. Den ligg godt plassert med tanke på kommunikasjon, har store og gode lokaler og er eit internasjonalt samfunn i seg sjølv, med heile 46 nasjonar representert på skulen.

Har du medlemmer i ditt korps som ikkje har planar for ferien er Ny-Krohnenborg skole plassen å vere. Veka blir avslutta med konsert fredag kveld 3. mars kl 18:00 på Ny-Krohnborg skole.

Sjå kor moro det var på VinterPULSE i Oslo i fjor.

Denne veka er det VinterPULSE i Oslo med over 70 deltakarar. Her er tilbakemelding frå VinterPULSE i Oslo i fjor:

Minner for livet med VinterPULSE