I løpet av berre få veker har Hammartun skolekorps fått gode øvingslokale. Takka vere at dei melde frå om lydproblema sine.

– Av og til går ting glattere enn frykta, seier dagleg leiar i Hedmark og Oppland Musikkråd, Trond Eklund Johansen.

Kjapt levert

I november vart han oppringt om problemet. Allereie i vinterferien (veke 8) vart arbeidet med å montere dempande plater i tak og vegger gjort av eigedomsetaten i kommunen. Kostnaden på 150.000 kroner er fordelt mellom korpset, skulen og eigedomsetaten.

Flott resultat

– Resultatet er blitt veldig bra. Dette er flott levert av kommunen og korpset er kjempefornøgd, seier Eklund Johansen.

Målerapporten frå Musikkrådet vart brukt som grunnlag av firmaet som monterte platene. I tillegg ser det ut til at eit anna korps i byen vil prøve å flytte øvingane sine til same lokalet.

Hammartun Skolekorps øver. Foto: Iver Dahl.

Hammartun Skolekorps øver. Foto: Iver Dahl.

Rapporten frå Hedmark og Oppland Musikkråd kan du lese her.

Norsk Musikkråd og Musikkens studieforbund har sidan slutten av 80-talet hatt stort fokus på lokale til musikkformål og tok kontakt med Standard Norge for å drøfte utviklinga av ein offisiell standar for akustikk i musikklokale. I to år vart det jobba effektivt med ein slik standard og i april i fjor (2014) var den klar.

Les artikkel: Norsk standard 8178

Illustrasjon NS8178

Illustrasjon NS8178

Ny norsk standard sikrar musikklokale.

Her kan du bestille NS8178