PULSE Stronger Together er et samarbeidsprosjekt mellom NMF, Field Brand Foundation (FBF) og Fredskorpset, som fokuserer på helsefremmande og førebyggande arbeid gjennom musikkaktivitetar. Årets sørafrikanske deltakarar er på plass hos NMF i Bergen/Oslo og dei norske er på plass i Sør-Afrika.

PULSE-team 2018-2019. Foto: Field Band Foundation

PULSE-team 2018-2019. Foto: Eva Bortne

Johannes Bongani Goliath

Bongani er 32 år og spelar perkusjon. Han er praktisk utdanna innan perkusjon, grad 3 (ABRSM) og grad 5 (ABRSM) i musikkteori. Han var programsjef for Soweto Field Band og deltakar i BCB i Norge/Toneheim folkehøgskole.

– Musikk har vore min medisin heilt sidan eg var liten, og eg vil gjerne dele mi historie og min lidenskap for musikk.

– Kva forventar du av året?

– Eg håpar å lære meir, dele av kunnskapen min og reise tilbake som ein litt forandra person. Eg gler meg til å bli betre kjent med mitt nye land.

Bongani har ein musikkforståelse og leiareigenskapar frå korps i Sør-Afrika. Det som gjeld er disiplin og å vere tru mot arbeidet.

– Korleis er det å komme til Norge?

– Eg kjenner meg spent og ser fram til å bli kjent med nye venner og bu på ein ny plass. Sjølv om det ikkje er fyrste gong i Norge, så elskar eg dette landet

Mxolisi Martin Sibiya

Martin er 30 år frå Druban og spelar trompet. Han har gjort ferdig grad 12 som er den høgste høgare utdanninga i Sør-Afrika, og han har gått eit år på akademiet (Field Band Acacemy).

Martin ønsker å delta fordi PULSE-programmet er opptatt av tema som regionar i heimlandet ignorerer, som inkludering, helse og det å sjå heile mennesket. Han gler seg til å bli kjent med ein ny kultur, og håpar han veks personleg ved å gå utanfor si eiga komfortsone.

– Kva forventningar har du?

– Eg vil gjere det eg er her for. Eg har med meg mykje glede og positivitet, og litt råskap. I korpsa vil vi skape trygghet og vere med på å gje borna ei forandring i livet.

Gregory Chief Zwane

Chief var deltakar i PULSE 2017/18. Han seier det er ei ære for han å bli spurt om å vere med i prosjektet vidare. Han har fått gode erfaringar det siste året og kunne ikkje seie nei.

– I starten var det utfordrande å vere i eit nytt land, nytt område, ny jobb og med mange forventningar. Det var ein stor overgang for meg å vere saman med så mange kvite. Men alle har vore snille og hjelpsame. I mitt heimland opplever vi rasisme mellom kvite og svarte. Dette året har difor gjort meg følelsesmessig, mentalt og psykisk sterkare. Året har vore eit år eg aldri i livet vil gløyme. Å få jobbe i ein stor og god organisasjon som merkar det gode vi gjer, motiverer og kjennest godt.

– Eg gler meg verkeleg til dette nye året!

Tshepang Violet Moyo

Tshepang er 27 år frå North West Provincen i Sør-Afrika. Ho er dansar, har artium, og har delteke i Field Band Foundation, gått på akademiet (FBA), og ho har vore danselærar i FBF-prosjekt i provinsen Polokwane.

Tshepang ville delta fordi ho er lidenskapleg opptatt av samfunnsutviklinga. Ho er ivrig og vil lære av prosessar. Å vere ein del av dette programmet vil utvikle henne. Ho skal lære ulike barn frå ulike land å danse.

– Eg ønskjer at organisasjonen skal vekse og utvikle seg og sjå korleis nasjonen kan vere meir inkluderande for menneske med funksjonsforstyrrelsar, og for alle uansett samfunnslag.

– Eg gler meg til å undervise på skular/korps og i bydelar kvar veke. Å jobbe saman på seminar og ha ansvar for seminar. Eg vil dele idear frå Field Band i heimlandet; korleis sosial inkludering og utdanning skjer gjennom musikk og dans. Å bruke musikk og dans som verktøy til helsebringande tiltak.

Og så legg ho til; få meir kunnskap sjølv.

Nord-deltakarane i SA

Jakob Söderström, Tove Alsegård, Lise Fandin Setsaas, Madelein Klouda. Foto: Eva Bortne

Jakob Söderström, Tove Alsegård, Lise Fandin Setsaas, Madelein Klouda er PULSE-deltakarar i Sør-Afrika 2018-2019.. Foto: Eva Bortne

Nord-deltakarane i PULSE 2018-2019 er godt igang med arbeidet sitt i Sør-Afrika.

Les: Hello from the new North Participants PULSE round 6!