– Det er veldig stas å bli spurt om å synge «Nystemten» før den offisielle opninga av Festspillene på Torgalemenningen, seier Tomine Mikkeline Eide.

Tomine Mikkeline Eide har tidlegare sunge for fredsprisvinnarar som Malala Yousafzai, Kailash Satyarthi og Aung San Suu Kyi.

Stort talent

Ho begynte å synge som 10-åring og har dei seinare åra deltatt på store arrangement, turnert som support artist med Aled Jones, er tildelt fleire talentstipend og sunge konsert i Den Norske Opera. Ho har også erfaring frå scena i form av teater der ho har hatt fleire roller ved Den Nationale scene, både som songar og skodespelar. Og no har ho som 17-åring fått platekontrakt.

Les meir om Tomine Mikkeline.

Eit stort talent med andre ord. Mange skryt henne oppi sky.

Et unikum av en ung musiker. Hans Petter Gundersen.

Tar over lang tradisjon

Tomine tar over ein lang tradisjon der Marianne Juvik Sæbø har vore solist og sunge Bergenssangen saman med Kongekorpset.

Sofie Kolve Haukås i frå Krohnengen Skoles Musikkorps skal også vere solist på «Nystemten», som i fjor. I tillegg til å vere medlem i Krohnengen spelar ho på elitenivå saman med Sandvikens Ungdomskorps.

Sofie Kolve Haukås etter solistframføringa med Kongekorpset i 2014. Foto: Olga Wergeland/NMF

Sofie Kolve Haukås etter solistframføringa med Kongekorpset i 2014. Foto: Olga Wergeland/NMF

I år består Kongekorpset av 120 musikantar og drillarar frå ulike korps i Hordaland. Dirigent er Hilde Brevik Grytten.

Tomine må kanskje regnes som det største musikalske talentet i Bergen. Einar Engelstad i BT.

Tomine er over seg av begeistring dagen før Festspillene er i gang. Ho får dessverre ikkje tid å øve saman med korpset før lydsjekken onsdag. Ho har nemleg sagt ja til å stille på Trollhaugen som skal reopnast etter oppussing.

– Men det går heilt fint. Det er ei ære og eg er veldig glad for å få vere med på dette, seier ho i det ho gjer seg klar til å synge «Solveigs sang» på Trollhaugen.

Festspillene i Bergen opnar kl. 12.30 på Torgalmenningen.