Er du den nye dirigenten til Tomrefjord skulekorps frå august 2015?
Om korpset:
Korpset består av 15 medlemmer i alderen 10-18 år, + 9 aspirantar som skal inn i korpset i løpet av sesongen. Vi øver kvar fredag og medlemmene har også individuelle timar eller gruppetimar gjennom kulturskolen. Korpset har deltatt på NM fleire gongar, seinast i 2014. Vi har også hatt tradisjon for å arrangere familieforestillingar der medlemmene har fått prøve seg som skodespelarar, sangarar og dansarar.
Vi søkjer ein person som:
- kan leie korpset gjennom ein periode med generasjonsskifte
- kan motivere til speleglede
- har godt humør og er glad i å arbeide med born og ungdom
- har erfaring frå dirigentarbeid
- har gode samarbeidseigenskapar
Dirigent vil bli tilsett gjennom Vestnes kulturskole.
Høres dette spennende ut, så nøl ikke med å ta kontakt med
Tomrefjord skulekorps v/Marit Faksen på tlf. 48 07 14 10 eller mail: maritfax@yahoo.no
eller
Vestnes kulturskole v/Hege Haugen på tlf. 71 18 42 13/928 19 059 eller mail:kulturskulen@vestnes.kommune.no