Ettrup Larsen er utdanna ved Sibelius Akademiet i Helsinki i Finland. Han har  blant anna doktorgrad i symfonisk direksjon, diplomeksamen i klarinett frå Det Kgl. Danske Musikkonservatorium. I følge CV-en hans bygger han bru mellom det talte språk og kropsspråket. Han er dansk, men lover å snakke så tydeleg norsk som han klarer.

– Vi skal jobbe med musikalsk taktering og gjere grunnteknikken fleksibel, slik at vi kan realisere komponisten sin intensjon og ikkje stå framfor korpset og vere ein levande metronom. Og vi skal også ta for oss dirigentpinnen som formidlar kommunikasjonen vår, seier Ettrup Larsen.

Fullt kurs

– Han er ein kapasitet og vi gler oss til å gjennomføre kurset saman med han, seier musikkonsulent Jørgen Brecke i NMF Nordvest.  Fyrstkomande fredag og laurdag (5. og 6. juni) får altså 25 dirigentar frå hovudsakleg Nordvest-område lære av dirigentkapasisteten. Ettrup Larsen har sjølv sett ei grense på 25 deltakarar.

Peter Ettrup Larsen .

– Gler oss til fagleg påfyll

– Dirigentnettverk skal gje fagleg påfyll samtidig som vi skaper ein arena for å knytte relasjonar, dele erfaringar og diskutere dirigentfaglege spørsmål, seier Brecke.

Dirigentnettverket er eit av Norges Musikkorps Forbunds bidrag inn i Dirigentløftet og er støtta av Dextra Musica.