– Kva er dine sommarplanar i år?

– Eg skriv på boka om Henrik Wergeland og min «Symfoni nr 8» (tingingsverk). Elles skal eg fiske makrell og aure og treffe gode vener.

– Kva er din beste konsertopplevelse/og eller drillopplevelse?

– Då eg spelte horn i Gardemusikken og HM Kong Olav 5 på inspeksjon kom bort til meg etter framføringa (bergensarar står ofte ytterst…). Kongen snakka med meg lenge og spurte til slutt kvar eg kom frå. «Eg kjem frå Bergen, Dykkar Majestet», sa eg med høg stemme. «Fint. Fortsett med det», svarte Kongen og lo høgt. Gardesjefen og gardistane måtte flire også. For ein konge…

– Kva er ditt gøyaste drilltriks?

– Då eg som marsjerande skulekorpsmusikant i Midtun Skoles Musikkorps tok «holdt» ein halv meter frå publikum og fekk dei til å skrike av redsel og hoppe unna. Dirigenten kjefta på meg, men vi gjorde dette ofte likevel.

– Kva er ditt favorittinstrument?

– Waldhorn er mitt hovudinstrument. Eg var heldig og studerte ved Janacek-akademiet i Brno med nokre av verda sine fremste lærarar. Den tsjekkiske hornskulen er fantastisk bra og noko eg vil anbefale.

– Kva er ditt vakraste musikkstykke?

– Lars Erik Larssons «Concertino for Alt-sax» er eit av dei finaste stykka eg kjenner. Særleg andresatsen er guddommeleg vakker. Dette er også komponisten til «Obligasjonsmarsj», betre kjent som «Norge i rødt, hvitt og blått». Ein fantastisk komponist, synest eg.

– Kva planar har du til hausten?

– Eg er fast dirigent for Oslo Janitsjar og gler meg til nye oppgåver med dette framifrå korpset med meir enn 80 medlemmer. Elles skal eg gje meisterklassar ved Tsjaikovskij Musikkonservatorium i Moskva, dette er ein lærestad eg kjenner godt. Så blir det nokre symfoniske konsertar med Brahms 1. symfoni og Sjostakovitsj 7. symfoni hos nokre av mine faste orkester ute i verda. Eg likar å dirigere både korps og symfoniorkester, det er ein spanande miks og aldri kjedeleg.

Les om Oslo Janitsjar.

– Kva gler du deg til i haust?

– Eg gler meg til at alle korpsa i Noreg skal få starta opp faste øvingar igjen. Korpsa er eit kulturelt og musikalsk lim mange stader, og eg er stolt over å vere ein del av dette. Korpsa bør generelt snakkast fram mykje meir i samfunnet og i media, vi er altfor smålåtne og forsiktige i forhold til idretten og populærmusikken.

– Kva likar du best, å gå med sko eller gå berrføtt?

– Eg likar sko i størrelse 47. Dei passar best til meg.

– Kva er din favorittmat om sommaren?

– Grilla makrell eller aure i folie, fylt med grønsaker og anna snacks. Det er mat som eg aldri vert lei av. Omtrent som Holst «First Suite for Band», den går heller aldri av moten. Korpsa i Noreg er fantastiske, god sommar til alle!