Christiania Blåseensemble er Norgesmeister janitsjar 2016
Årets norgesmeister i NM janitsjar er Christiania Blåseensemble frå Oslo. Dei fekk lik poengsum (96,33) med Dragefjellets Musikkorps frå Bergen som kom på andre plass. Dermed sikra Christiania seg NM-tittelen for andre år på rad. Tredjeplassen gjekk til Lillestrøm Musikkorps med 95,17 poeng.
Grunnen til at Christiania kom på fyrsteplass med lik poengsum er at to av dommarane hadde Christiania som vinnar, derav fyrsteplassen.
Christiania Blåseensemble vart dirigert av Cathrine Winnes, medan Svein Henrik Giske dirigerte Dragefjellet Musikkorps.
Resultatliste – NM janitsjar 2016
I 1. divisjon gjekk Mo Hornmusikk frå Mo i Rana/Nordland til topps med 98 poeng, eit halvt poeng før Kolbotn Konsertorkester frå Akershus på andre plass. Det betyr at dei rykker opp og skal spele i elitedivisjon nest år. Dirigent for Mo var Reid Gilje.
Alvøens Musikkforening frå Hordaland tok heim sigeren i 2. divisjon med 98 poeng framfor Sande Musikkorps frå Vestfold. Begge rykker opp til 1. divisjon
I 3. divisjon fekk to Hordaland-korps dei to øvste plassane. Sigeren gjekk til Lungegaardens Musikkorps. Dei fekk 98 poeng før Os Musikkforening med 96 poeng. Begge rykker opp ein divisjon neste år.
I 4. divisjon gjekk Prosjekt MMXIX frå Hedmark til topps med 97 poeng. 5. divisjon vart vunne av Musikklaget Ulf frå Møre og Romsdal, 96 poeng.
Byåsen Musikkorps tok fyrsteplassen i 6. divisjon med 94 poeng og 7. divisjon vart vunne av Ås og Vestby Musikkorps (Akershus) med 96 poeng.
Heile 117 korps deltok i årets NM i totalt åtte divisjonar.