Osterøy Skulebrass er eit felles skulekorps for Osterøy kommune og rekrutterer frå alle barneskulane. Me har musikantar i alderen 8‐19 år og er aktive i lokalmiljøet med konsertar og arrangement.  Dei siste åra har me deltatt årleg på Hordablæsten (2019 ‐ 1.plass i 3 div) og på NM annankvart år.  Korpset samarbeider med Osterøy Kulturskule om gruppeøvingar og aspirantopplæring.    Osterøy Skulebrass tel 25 musikantar og 5 aspirantar.

Øvingstid:  Mandag 17.30 – 20.00  på Osterøy Ungdomsskule ‐ 30 min frå Bergen.      

Me søkjer deg som:   

  • Har relevant musikalsk utdanning/erfaring. Relevant pedagogisk utdanning / erfaring er  ønskjeleg.   
  • Har evne til å engasjere og begeistre.   
  • Er tålmodig, omsorgsfull og god på å byggja relasjonar.  
  • Har gode samarbeidsevner.   
  • Ser alle.   
  • Er kreativ – men strukturert og systematisk.   
  • Arbeider for meistring og musikalsk utvikling.   
  • Brenn for arbeid med born og unge.

Personleg eigenskap vert vektlagt.

Dirigent deltek på øving mandag 1730 – 2000, helgeseminar og konsertar/konkurransar.

Langtidsplan: 

Rekruttere 10 – 15 nye aspirantar årleg.

Vere synleg i nærmiljøet. Bli ein kjent institusjon i nærmiljøet.

Etablere juniorkorps og hovudkorps med brei besetning.

Me kan tilby:  

  • Honorar etter avtale.
  • Lærevillige musikantar.
  • Godt organisert korps, positiv foreldregruppe.

Spørsmål kan rettast til Lene Revheim, leiar 99773714 eller Knut Mathisen, nestleiar 91302580.

E‐post: osteroyskulebrass@gmail.com

Oppstart i august 2020.   

Søknadsfrist: 25.juni     

Den som får tilbod om stillinga må leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.