– Eg vart veldig overraska over å bli valt ut. Det var fleire medstudentar som eg ser opp til som søkte, men eg var den heldige. Det er stats å bli tatt ut.

Det er EBBA, European Brass Band Assosiation, Music Commission som har valt ut kandidatane. Dette er den 7. ECC – European Conductor Competition. Konkurransen skjer 24. – 27. april med finale siste dagen. Dirigentane skal dirigere tre rundar med tre ulike korps.

– Kva forventningar har du?

– Det er vanskeleg å seie. Eg har aldri vore med på konkurranse i direksjon tidlegare. Men eg har deltatt på masterclass, så eg veit litt kva eg går til. Det blir spennande å sjå kven dei andre er og kva dei seier. Det blir veldig annleis enn eg er vant med, seier Marte.

Tar dirigentutdanning

Marte Rolfsen kjem frå Sandvika i Bærum og har spelt i ulike korps i Asker og Bærum. No går ho direksjonsstudiet på Universitetet i Stavanger og tar bachelor i utøvande musikk. Ho sit i styret for det nyoppretta korpset Bjergsted Blåseensemble, og er messinglærar og dirigent på Kulturskulen i Stavanger.

Lærar Trond Korsgård og student Marte Rolfsen ved Universitetet i Stavanger. Foto: Morten Wensberg/UiS.

Lærar Trond Korsgård og student Marte Rolfsen ved Universitetet i Stavanger. Foto: Morten Wensberg/UiS.

Viktig å førebu seg

– Eg begynner alltid med å lese parituret mange gongar. Så høyrer eg på ulike opptak, ulike tolkningar og finne detaljar som kan hjelpe musikarane med å formidle musikk. Dirigenten sin jobb er ikkje å halde takta. Men alt eg kan tilføye av musikk til musikarane, finn eg i parituret. I tillegg les eg meg opp på komponisten, kva tidsalder levde han i, kva skjedde då og om det er programmusikk (relatert til ei hending i tida). Kanskje finn eg eit vendepunkt i musikken visst det er ei historie komponisten vil fortelje.

Stykket til andre runde i konkurransen heiter «Lincolnshire Posy» av Percy Grainger og er nøye gjennomgått av Marte.

– Gjennom stykket prøver komponisten å gjengi ulike menneske i England og fått dei til å synge folketonar for han. Nokon av songerane hadde nok tatt seg ein støyt eller tre. Når du ser for deg at personen var berusa, kan du lettare forstå kva komponisten har tenkt. Men av og til er det berre musikken det handlar om, seier ho.

Marte er den einaste frå Norge i konkuransen og er ei av to jenter av totalt 14 konkurrentar.

– Kvifor har du valt å gå «direksjons-vegen»?

– Det er moro, og eg er heldig som får lov å gjere dette. Det interessante er samarbeidet mellom dirigent og korps. Eg kjem med mi tolking og forslag til løysingar på musikken, men meiner musikarane noko anna, er eg sjølvsagt lydhøyr for det.

– Kva er det vanskelegaste med å dirigere?

– Å førebu seg godt nok, kanskje. Kan du partituret og absolutt alt utenatt, då kjem alt naturleg av seg sjølv. Men om du manglar noko, då får du ikkje lausrive deg frå papiret, og sleppt deg laus.

Endringar på gang

Temaet kvinnelege dirigentar dukkar opp med ujamne mellomrom. Særleg er det mangel på kvinnelege dirigentar i korps-Norge på høgare nivå. – Er det noko du har reflektert over?

– Ja, men det er i ferd med å endre seg. Vi har kvinnelege dirigentar som har gått i førevegen, som Maria Molund og Cathrine Winnes. Dei gjer det bra. Og på universitetet her i Stavanger er det ei lita overvekt på mitt studie, med fem jenter og fire gutar. Det er berre positivt, meiner Marte.

Lærer mykje

Sjølv har ho eit mål om å dirigere orkester, på lang sikt. Og ho vil gjerne jobbe med forsvarskorpsa.

– Vi får øve oss på forsvarskorpsa i studiene. Det gir oss god erfaring å få dirigere proffesjonelle korps. Ja, det er kjempeinteressant. Vi lærer så mykje og forhåpentlegvis får også dei noko tilbake.

LYKKE TIL!

Sjå konkurrentane.