Dronninga og Erna blir møtt med afrikanske rytmar og deltakarar frå Landåsmottaket
Flyktningar frå Landås avlastnings- og transittmottak i Bergen er blant deltakarane når Kongekorpset 2016 spelar for Hennes Majestet Dronning Sonja og statsminister Erna Solberg før opninga av Festpillene i Bergen. Musikantar frå ulike korps i Bergen er hovudstammen i korpset som spelar på Ole Bull Plass onsdag kl. 1200.
Det blir eit litt annleis musikkuttrykk i Kongekorpset i år. Det blir afrikanske rytmar, sang og dans med korpsmusikantar frå fleire ulike korps i Bergens-regionen.
PULSE-instruktørar
Korpset blir instruert av musikkinstruktørar frå PULSE (Samarbeidsprosjekt NMF har med Field Band i Sør-Afrika og Fredskorpset.) Mottaket er med som ei vidareføring av inkluderingsprosjektet PULSE gjennomførte 18. mai i år.
Les: Velukka inkludering med rytme og musikk
– Vi har fått mykje positiv tilbakemelding frå borna som synst det er kjempemoro å spele, danse og synge og dei gler seg til å spele for Dronninga, seier prosjektleiar Beate Holmefjord.
Jonas Eskeland som er ein del av satsinga på ung dirigent i NMF Hordaland, dirigerer Kongesangen.
Dei gler seg til å spele for Dronninga!
Detlakarane har hatt øvingshelg og skal øve og gjere siste finpussen tysdag kveld.
Bli med og opplev Kongekorpset 2016!