Tal frå Google Analytics fortel at nettsida har hatt 1,630.000 sidevisningar/treff på eit år. Medan talet på besøkande er 240.000.

Konkurransar mest pop

Sidene som omhandlar arrangement og konkurransar er dei mest populære, og dei mest populære periodane nettsida er besøkt er under NM brass og NM janitsjar.

– Det er ikkje unaturleg at arrangement og konkurransar er viktig for medlemmene våre. I løpet av eit år er det svært stor aktivitet i organisasjonen, på alle nivå. Vi er med i verdsmeisterskap (drill), europameisterskap, arrangerer fem ulike norgesmeisterskap og har mange korps- og drillkonkurransar i alle dei åtte regionane våre, seier webredaktør Olga Wergeland.

Vanskeleg å samanlikne

Trafikken på ein nettstad kan målast på mange ulike måtar og det er vanskeleg å samanlikne trafikktal med talet lesarar.

– Det er ikkje grunnlag for å seie at besøkstalet har endra seg dette siste året, men etter omlegging har vi fått eit betre verktøy å jobbe i og forhåpentlegvis ei lettera nettside å navigere i, seier Wergeland.

Nettside for medlemmene

Musikkorps.no rettar seg fyrst og fremst mot medlemmene i organisasjonen. Sidene skal vere navet i kommunikasjonen ut mot medlemmene.

– Vi har fått nokre tilbakemeldingar etter omlegginga. Dei tar vi med oss i arbeidet med å gjere sidene enno betre, seier nettredaktøren.