– Det er ein heilt utruleg opplevelse å få spele med Eikanger-Bjørsvik Musikklag, seier Johanna Aase Fransson, som var ein av solistane. Ho fekk ståande applaus frå publikum etter at ho opptredde. Johanna spelar euphonium i Førde skulekorps, Jølster musikklag og er med i NUK og NUB, regionskorpsa i Nordvest. Johanna begynte å spele i korps for fire år sidan og har komme langt, men bak alt ligg det mange timars øving.

Det er ein heilt utruleg opplevelse å få spele med EBML

Annleis å spele med EBML

Johanna og søstera Kristina Aase Fransson hadde kvar sin solo. Johanna spelte den fjerde satsen Lament frå suiten Cry of the Celts som er skriven av Peter Graham. Lament er ein roleg sats med ein fin solo. Johanna seier at ho har spelt denne soloen før med NUB, men tykkjer at det var veldig annleis å spele forran EMBL. På slutten av satsen er det ein duett for  som Johanna spelte saman med Lars Otto Torsvik frå Askøy, som spelar i EBML.

Raskt tempo – ikkje problem

Kristina framførte eit litt raskare stykke skriven av Oskar Böhme, som var ein tysk trompetist. Stykke Russian Dance er prega av nokre raske løp for solisten, men det var ikkje noko problem for Kristina. Ho har også spelt i korps i fire år. Likt som storesøstra spelar ho også i Førde skulemusikk, Jølster musikklag og NUB.

Sluttar aldri i korps

Saman med dirigenten deira frå Førde skulemusikk, Arvid Anthun, har dei øvd på korleis dei skal takle å stå framfor heile EMBL og spele solo. Det å stå framfor fleire av dei beste musikarane i Noreg kan vere tøft for unge musikarar. Johanna er litt usikker på om ho vil bli musikar, men ho er heilt sikker på ein ting, ho skal aldri slutte i korps.

Forfattar: Pernille Nedrebø.

Vil du spele saman med desse flotte jentene i NUB eller NUK? Bli med då vel!