– Det var moro at det var så mykje folk og såg på og så var det stilig å få sjå Dronninga, Erna Solberg, og ordføraren, seier Siren Bjorøy.

I år var det gjort ein vri på Kongekorpset. PULSE-teamet frå Sør-Afrika var instruktørar og korpset både dansa, sang og spelte.

– Det var ekstra gøy at vi fekk lære afrikanske sangar, seier Siren.

Høyr heile intervjuet med Siren på Facebook.

Kongekorpset spelar Kongesangen under leiing av Jonas Eskeland. Foto: Olga Wergeland/NMF

Kongekorpset spelar Kongesangen under leiing av Jonas Eskeland. Foto: Olga Wergeland/NMF

I tillegg til alle dei 12 korpsa, var også flyktningar frå Landås avlastnings- og transittmottak i Bergen blant deltakarane. Sali frå Syria bur på mottaket på Landås og har far og bror i Beirut. Ho fekk æra av å dele ut blomster til Dronninga. Og Dronning Sonja takka med å gje ho ein god klem.

Sali Sharif Alhammadi frå Syria fekk det ærefulle oppdraget å gje blomst til Dronninga. Foto: Olga Wergeland/NMF

– Eg vart veldig rørt og tårene trilla, seier Sali Sharif Alhammadi etter at det heile er overstått. Ho fortel at ho var veldig spent før oppdraget.

Vel blåst til alle i Kongekorpset og lykke til med Festspillene i Bergen!

Sjå fleire bilde frå Kongekorpset på FB: