Mikrokredittkonsert for Bolivia med lokale talent
For tiande gong arrangerer Halsen Musikkforening og Ole Vig Videregående skole mikrokreditt-konsert. I år er også aspirantar frå alle skulekorpsa i dalføret invitert. I tillegg skal elevar frå kulturskulen delta. Ein naturleg tittel på konserten er dermed «Talentfabrikken».
Pengar frå konserten samt støtte frå næringsliv og kulturaktivitetar på Stjørdal skaper arbeidsplassar i Bolivia. Laurdag 17. oktober er det stor konsert i Kimen Kulturhus.
Inspirert av prisvinnar
Vinnaren av Nobels Fredspris 2006, Mohammad Yunus inspirerte Halsen Musikkforening (HMF) til å staret eit lokalt mikrokredittprosjekt. Sidan starten er det overført 170.000 kroner til Misjonsalliansen i Bolivia.
Mikrokreditt
Mikrokreditt er ein måte å for fattige å låne pengar for å skape noko sjølv og tene sine eigne pengar. Felire fattige skal med andre ord få sjansen til å skape seg eit nytt liv.
Frå kyrkja til kulturhuset
Konserten har dei siste åra blitt arrangert i Værnes kirke. Men no er den flytta til Kimen.
– No er det storsalen i Kimen som gjeld. Dette er også ein konsert som markerer at Halsen Musikkforening har flytta inn i Kimen. Vi har øvingane våre i Vektersalen noko som er ei stor kvalitetsheving frå tidlegare då vi øvde i Grustaket, fortel dirigent Espen Andersen til Bladet Stjørdalens Blad.
Lykke til med konserten!