Den unge korpsjenta har spelt trompet i 4 år og i tre av dei har ho vore med i skulekorpset Grindbakken skoles musikkorps i Oslo. På spørsmål om korleis det var å spele Elly svarer Camilla.

– Å spele Elly det var veldig gøy og lærerikt og ein opplevelse som eg likte veldig godt. Det gøyaste eg gjorde var kanskje å bruke kreftene frå nord, med snø-igloane som var laga i ulike mønster. Det var noko av det gøyaste.

Elly likar å vere best, juksar for vinne. Liknar du på Elly?

– Ja, jeg er litt lik Elly. Ho er glad og kvikk, modig og ikkje redd for å seie kva ho meiner. Eg likar også å vere best, men eg juksar ikkje.

Camilla San Miguel Bjørneng i NRKs julekalender i "STjernestøv"

Camilla som Elly i «Stjernestøv» Foto: NRK

Eg likar også å vere best, men eg juksar ikkje.

Camilla er korpsmusikar, og likar å spele musikk som er både vakker og har trøkk, fortel dirigenten hennar Espen Selvik. Ein av favorittane hennar i korpset er «Vidda» av Ole Edvard Antonsen/Atle Halstensen – der trakterer ho solostemma.

– Det eg likar aller best med korps er å spele og ha det gøy. Korps er veldig gøy.

Camilla med trompeten sin. Foto: Geir Jarle Bjørneng.

Camilla med trompeten sin. Foto: Geir Jarle Bjørneng.

Det eg likar aller best med korps er å spele og ha det gøy

Men i NRKs julekalender har ho ikkje trompeten med seg. Der spelar ho Elly med magiske krefter frå stjernefolket i Nord, ein stad rett under Nordstjerna. Camilla har ikkje tidlegare spelt noko form for teater. I to år har ho og resten av skodespelar-gjengen jobba for å lage «Stjernestøv». Her er det berre for alle å benke seg framfor tv-en i adventstida. No gler ho seg veldig til å sjå julekalenderen saman med familien.

– Ja, eg gler meg veldig, veldig mykje, avsluttar ho.

Musikken i årets julekalender er komponert av Gaute Tønder, og tittelmelodien blir framført av artisten AURORA frå Os i Vestland.

Les omtale av julekalenderen 2020 på NRK