117 korps deltek på NM janitsjar 2016. Dette er rekord. Musikarane kjem frå heile landet, bortsett frå Finnmark. For mange er dette ein plass dei møter gamle kjende og får nye vener, i tillegg til å framføre ein god konsert med musikken dei har øvd på i fleire månader.

Folksamt i byn

Det er eit yrande liv i barte-byen desse dagane. Det heile startar fredag kl. 1400 i Olavshallen, Store sal og Lille sal. Konkurransar skjer også på Royal Garden Hotel og Scandic Nidelven Hotel. Det heile blir avslutta med festkonsert og premieseremoni i Olavshallen kl. 2000, med påfølgande NM-fest.

– På vegne av hovudkomitéen for NM janitsjar ønskjer eg dykk hjarteleg velkommen til Trondheim og lykke til under NM, seier prosjektleiar Håvard Hinsverk.

Program NM janitsjar 2016

Les meir om NM janitsjar på NM-sidene

Prisar

Konkurransebillett: kr 200,- pr.dag. Barnebillett: kr 50,-
Festkonserten er utseld, men billett til NM-festen etterpå kan du kjøpe på førehand i NMFs billettsal i Olavskvartalet. Pris: kr 200,-. Du kan også kjøpe billett i døra, men då kostar den kr 250,-. Alle er velkommen. Alle under 18 år får eige armband.

Mange kan bli vinnarar

Blir Christiania Blåseensemble NM-meistrar i år som i fjor? Eller vinn Opus 82 over Lillestrøm Musikkorps som dei gjorde i helga under Regionmesterskapet i Øst? Eller blandar eit vestlandskorps seg inn i teten som Sandvikens Ungdomskorps gjorde det i 2011? Spenning blir det uansett.

Overfører konkurransen på TV 2 Sumo

Er du ikke i Trondheim denne helga, kan du følgje konkurransen på TV2 Sumo. Stein Skorpholm er programleiar for elitedivisjon laurdag der han har med seg ekspertkommentator Morten Hansen. (Hansen dirigerer Stavanger Musikkorps av 1919 fredagen.) Skorpholm er også programleiar under 1. divisjon fredag med gjestar i studio. Sendinga blir og krydra med miljøreportasjar frå før NM-konsertar og frå konkurransedagen. Buss og Media frå Nordhordland produserer sendingane.

Sjekk kva korps som er med i år:

Speleliste pr fylke 2016
Korpskontakt 2016

Sosiale medier

Vi er også på Facebook, Instagram og Twitter. Bruk #nmjan og #allesnakkerkorps – bli med på den store happeningen – NM janitsjar!