Målgruppa for øvingane er vaksenkorps, men her er mykje aktuelt også for mange skulekorpsmusikantar.

Maria Molund er drivkrafta i øvingane saman med Tanja Ikonen, Philip Hannevik og Jon Terje Svendsen. Molund lovar gode tips og triks som er lure å ha med seg når ein spelar marsj-repertoar. I tillegg til godt humør og mange flotte marsjar. Videoen under er spelt inn i forkant av 17. mai 2021, men er like fullt til inspirasjon i etterkant.

 

Fjerde og siste øving, Del 4 spelar vi gjennom alle marsjane. Her blir det lite snakking, mest speling.

Øvingane er eit initiativ frå Norges Musikkorps Forbund i samarbeid med Oslo Dirigentkollektiv.

Her er innhaldet fra mai-sendingane:

Gå til Livestream.com/NMF. eller klikk på sendinger som kan inspirere ditt korps.

Del. 1 Mandag 3. mai:
I denne øvinga blir det fokus på pust. Du kan anten bruke dine eigne notar i marsjmappa, eller spele etter melodien som blir delt på skjermen. Øvinga blir leia av Maria og Tanja Ikonen.

Repertoar:
Kronprins Olavs honnørmarsj
Norge i rødt, hvitt og blått
Holmenkollmarsj

Del. 2 Torsdag 6. mai:
I denne øvinga blir det fokus på klang. Du kan bruke dine eigne notar i marsjmappa, eller spele etter melodien som blir delt på skjermen. Øvinga blir leia av Maria og Philip Hannevik.

Repertoar:
Gammel jegermarsj
Gud signe vårt dyre fedreland
Norsk turnermarsj
Ja, vi elsker

Del. 3 Tirsdag 11. mai:
I denne øvinga blir det fokus på artikulasjon. Du kan bruke dine eigne notar i marsjmappa. Norske Løve kan du spele etter melodien på skjerm. Notar på dei andre tre marsjane kan du laste ned frå Dropbox  Øvinga blir leia av Maria og Jon Terje Svendsen.

Repertoar:
Norske Løve
Under blågul fana
Colonel Bogey
Stars and Stripes forever

Del. 4 Fredag 14. mai:
I denne siste øvinga før den store dagen spelar vi gjennom alle marsjane i denne rekkefølgja:

Ja vi elsker
Gammel jegermarsj
Colonel Bogey (Last ned frå Dropbox-lenka)
Den Norske Løve
Under blågul fana
Norsk turnermarsj
Gud signe vårt dyre fedreland
Kronprins Olavs honnørmarsj
Stars and stripes forever (Last ned frå Dropbox-lenka)
Holmenkollmarsj
Norge i rødt, hvitt og blått

Dropbox-lenke til Colonel Bogey og Stars and stripes forever