På kurset for skulekorpsdirigentar under Dirigentuka 2015 vil deltakarane arbeide med tema som er viktige i kvardagen til nettopp deg som skulekorpsdirigent. På aspirantkurset fokuserer vi blant anna på korleis bygge opp basiskunnskap for å gje musikanten ein grunnmur til å forstå musikken.

Skulekorpsdirigentkurset

Philip Dammen er spesialist i musikkpedagogikk. Han kjem frå Norges Musikkhøyskole og skal undervise i fleire emner. Blant anna: «Hvordan henvender man seg til musikantene fra podiet? Og «Hvordan håndterer man musikanter med ulike diagnoser?»

Prestasjonsforberedelse

Dammen er kjent for å vere god på det musikkpedagogiske og vil ta føre seg korleis førebu musikantane på å yte maksimalt i konsert eller i konkurranse.

«Hvordan få maksimalt ut av en øvelse?»
Dette handlar om at du som dirigent får ny innsikt i planlegging, gjennomføring og evaluering.

Emnet «Hvordan få maksimalt ut av korpset på lang sikt?» står også på agendaen.
Her handlar det om langsiktig planlegging, både musikalsk og i samarbeid med styret. Den gode historia, suksesseen og gode modellar for rekruttering og utvikling vil stå i fokus.

Dirigentuka på Facebook – Dammen

Aspirantdirigentkurset

På dette kurset vil det bli sett fokus på korleis ein kan bygge opp musikantane sine basiskunnskapar og arbeide med musikken sine byggesteinar over tid. Planlegging og progresjon er vesentleg. Målet er at musikantane skal få ein solid grunnmur og forstå musikken. Det vil bli ekstra fokus på rytme og puls, samt instrument og bevegelse.

Kursholdarar på dette kurset er Annmari Wangin og Birgitte Grong.

Dei som ønskjer å vere med på Dirigentuka torsdag og fredag, får høve til det.

Meir info om Aspirantdirigentkurset 10. – 12. (14)
Meir info om Skolekorpsdirigentkurset 10. – 12. (14)

Prisen er den samme om du deltar tre eller fem dagar.

Påmeldingsfrist 1. mai. Via dette skjemaet kan du melde deg på direkte.

Les: Dirigentuka 2015

Les: Dirigere norgesmestrene?