Vi NMF Nordvest ynskjer å stimulere og oppfordre endå fleire dirigentar til å ta del i dirgentuka. Vi har satt av ein pott med penger til å dekkje deltakeravgifta til 6 heldige dirigenter. Om det er meir enn 6 søkjarar vil dei som ikkje får dekka noko av korps/arbeidsgjevar ha fortrinnsrett. Alle søkjarar får svar på søknaden 29. april.

På dirigentuka får ein verdifull læring og kunnskap å ta med seg heim, om du er ein hobbydirigent, driven av engasjement og korpsinteresse eller om du er utdanna innan musikkfaget. Du kan melde deg på ulike kurs: dirigentkurs for aspirant/juniorkorps, skulekorps og vaksenkorps.

Vi har snakka med lærar og dirigent i Sunnfjord kulturskule, Mari Therese Martinussen, som var deltakar på skulekorps-kurset i fjor, og skal i år igjen. Ho seier dette om kvifor dette er gull å ta med seg i kvardagen:

Det er veldig lærerikt og skikkelig energiboost. Det er ein arena for å vere saman med andre dirigentar og prøve, feile og lære i trygge omgjevnader. Her lærer du alt frå korleis bli betre på dirigentteknikk, prate med ungane, instruere i korpset, korleis bygge opp korps, innstudering av partitur blant anna. Du får ein verdifull verktøykasse som er god å ha når kvardagen kjem, og så er jo det utruleg stas å få lov å dirigere eit skulekorps i elitedivisjon på slutten av veka, der ungane responderer og følgjer deg på alt du gjer!

Gjer som Mari Therese, sjekk ut dirigentveka og meld deg på!

Påmelding og informasjon om dirigentuka: Dirigentuka 2024

Ser du ikkje skjemaet under? Følg denne linken: https://forms.office.com/e/LXhV1aKPCM