Vil DU vere med å bestemme i NMF Nordvest?
Det er regionting-tid. Kanskje er det akkurat DU som får eit spørsmål om å stille som kandidat til regionstyret. Regiontinget er ein av dei viktigaste arenaene for medlemskorpsa i NMF.
Regionting i NMF skjer annakvart år og skal vere gjennomført før utgangen av april. Neste val på styret skjer på regiontinget i 2019. Valnemnda har ein viktig jobb å gjere, men det er du som blir valt inn styret som kan bestemme.
Å ta på seg eit verv i styre og råd kan for mange verke uoverkommeleg. Men det er i posisjon du har noko du skulle ha sagt.
Som tillitsvald i regionstyret er du med på å utvikle korpsaktiviteten i din region. Du kan sette dagsorden og vere med i diskusjonar. Det er di stemme som er med på å bestemme kva regionen skal satse på og korleis regionen skal driftast. Du har direkte påverknad.
Lærerikt og utviklande
Knut Mikkelsen, dagens nestleiar i Nordvest, understrekar at arbeid i styre har vore lærerikt og utviklande for han som menneske.
– For meg er det ekstremt viktig å følge med på kva som skjer ute i korpsa, og få kontakt med nøkkelpersonar som vil noko. Regionstyret representerer heile regionen og må famne alle medlemmene. Utfordringa er lange geografiske avstandar, men vi møtest fire gongar i året og har video- og telefonmøte innimellom.
For meg er det ekstremt viktig å følge med på kva som skjer ute i korpsa, og få kontakt med nøkkelpersonar som vil noko.
Korpspolitikk
Mikkelsen oppfordrar medlemskorps til å sende representantar på regiontinget for å kunne vere med å påverke.
– NMF er ein medlemsorganisasjon og NMF, det er oss det, medlemmene og korpsa, seier han. Å vere villig til å sitje i eit styre kan samanliknast med politikk. Det er i styret det blir bestemt kva som skal skje i regionen, kva vi skal drive med og det er her handlingsplanen blir lagt. Min kjepphest er, og det er viktig å understreke, korps er også organisasjonsdanning. Styra må også kursast.
Valnemda i NMF Nordvest ønskjer forslag på kandidatar til regionstyra.
Din fyrste tanke er kanskje at dette gjeld ikkje meg – eg har ikkje noko å bidra med. Det er verkeleg feil! Det er minst to måtar du kan hjelpe oss i valkomitéen på:
- Du kan komme med forslag til kandidatar til regionstyret.
- Blir du kontakta med spørsmål om å stille som kandidat, voner vi du vil vere positiv og tenke seriøst gjennom om ikkje det kan vere rett for deg å stille.
Send oss dine forslag på kandidatar innan 20. februar. Takk for hjelpa!
Til deg som trur du kanskje veit om moglege kandidatar
Ta kontakt med oss i valkomitéen dersom du veit om personar du trur kan gjere ein god jobb på regionnivå. Du finn kontaktinformasjonen til oss alle nederst i denne meldinga. Det er ikkje skummelt å foreslå kandidatar og punkta nedanfor vil forhåpentlegvis forsikre deg om dette
- Det er bra om du snakkar med dei du ynskjer å foreslå fyrst, men du treng det ikkje. Vi tek imot alle forslag og INGEN vert ført opp som kandidatar utan at vi har snakka med vedkomande og fått positivt svar.
- Vi treng ikkje å referere til at det er du som har føreslege vedkomande, om du ikkje ynskjer det.
- Når du foreslår kandidatar vil det hjelpe oss om du kan gje oss nokre stikkord om kvifor du tykkjer denne personen passar. Kva for eigenskapar har vedkommande og på kva område trur du han/ho vil kunne bidra. Det vil hjelpe oss å sette saman eit godt styre.
- I alle korps er det nokre eldsjeler som gjer ein kjempeinnsats for sitt korps. Det er ikkje sikkert det er desse du skal fokusere på som moglege kandidatar. Sjå i andre retningar og tenk utradisjonelt. Det viktigaste er at ein har lyst å gjere ein jobb for korpsrørsla i regionen vår.
- Og veit du – det er faktisk lov å føreslå seg sjølv om du har lyst å bidra på regionnivå.
Send oss dine forslag på kandidatar innan 20. februar. Takk for hjelpa!
Kontaktinformasjon valkomiteen:
Ingolf Dragset (leiar) – ingolf.dragset@gmail.com – 93441788
Wenche Hals Kulset – wenche.hals@kulset.no – 90150918
Hilde Horpen – hildehorpen96@hotmail.com – 95725435
Elisabeth Grønningsæter-Olsen – elisabeth1405@gmail.com – 91557318
Til deg som vert foreslått som kandidat til regionstyret
Du vil få ein telefon frå ein av oss i valkomitéen med spørsmål om du kan tenkje deg å vere kandidat til regionstyret. Telefonsamtalen kjem kanskje som lyn frå klår himmel – du visste kanskje ikkje at nokon hadde føreslege deg.
- Trekk pusten, senk skuldrane og gje oss ei lita stund av tida di til å forklare kvifor vi ynskjer deg med i regionstyret. Ringer vi på eit tidspunkt som passar dårlig, avtalar vi berre at vi ringjer deg oppatt på eit meir passande tidspunkt.
- Kva posisjon ynskjer vi deg i, mon tru? Vi har gjort oss opp ei meining i kva posisjon vi vil ha deg, men er sjølvsagt open for å diskutere alternative posisjonar.
- Kor mykje tid og innsats krev det av deg? Det er i stor grad opp til deg. Regionstyret pleiar å ha 4 fysiske møter i året.
- Styret legg føringar for aktivitetsnivået i regionen og nyttar ressursane på regionkontoret for gjennomføring av aktivitetar. Om du har lyst, kan du gå djupare inn i einskildsaker.
Vi voner på positivt svar når vi kontaktar deg, men uansett takk for at du tok deg tid til å snakke med oss og seriøst vurdere å stille som kandidat.
Dette er valkomiteen i NMF Nordvest
Ingolf Dragset (leiar) – ingolf.dragset@gmail.com – 93441788
Wenche Hals Kulset (medlem) – wenche.hals@kulset.no – 90150918
Hilde Horpen (medlem) – hildehorpen96@hotmail.com – 95725435
Elisabeth Grønningsæter-Olsen (vara) – elisabeth1405@gmail.com – 91557318